Namdalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 64°22′N 12°55′E

Bangsund nær Namsos

Namdalen (sørsamisk: Nååmesjenvuemie) er ein dal og eit distrikt som består av kommunane Namsos, Grong, Overhalla, Røyrvik, Fosnes, Nærøy, Høylandet, Namdalseid, Flatanger, Leka, Namsskogan og Vikna i Trøndelag, i tillegg til Bindal, som ligg i Nordland. Midt i dalen renn elva Namsen, ei av dei beste lakseelvane i Europa (berre Tanaelva i Finnmark har større fangst). Jordbruk og skogbruk har vore viktige næringar i Namdalen. Norsk gran er ein av dei viktigaste tresortane. Kornåkrane i den lågare delen av dalen er av dei nordlegaste i Noreg.

Tidleg i vikingtida, før Harald Hårfagre, var Namdalen eit småkongedøme, gjerne kalla Naumdølafylke. Etter Rikssamlinga var Namdalen framleis å rekne som fylke i mange hundreår.

Heia i Grong; E6 følgjer Namdalen i om lag 100 km

Namn[endre | endre wikiteksten]

Den gammalnorske forma av namnet var Naumudalr. Det første leddet er den genitive forma av elvenamnet Nauma (i dag Namsen), og det siste dalr er «dal». Kva elvenamnet tyder er ukjend.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]