Namnet Gard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå òg Gard (fleirtyding)

Gard er eit mannsnamn og ein namnedel som kjem frå norrønt Garðr, 'gjerde, noko som vernar'. Namnet kan også vera eit slektsnamn, med anna opphav enn norrønt.

Gard har namnedag den 30. mai.

Namnet kom i bruk i Noreg på 1900-talet. Etter å ha vore i jamn, sjeldan bruk frå 1920, voks bruken raskt frå rundt 1965. Han fekk ny kraftig vekst på slutten av 1900-talet, og rundt 2000 fekk over 0,15 % av nyfødde namnet Gard. I 2009 var det 1 223 menn som heitte Gard i Noreg.

Det finst som både føreledd i namn som Gardar og Gardbrand, og etterledd i Ingard og Vegard. Kvinnelege former av namnet er Gerd og Gerda.

Namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]