Namnet Hol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hol eller Hoel er eit norsk gardsnamn frå norrøn tid. Gardane med dette namnet skriv seg truleg frå jernalderen, og vart rydd og bygde før rikssamlinga.

Namnet Hol skriv seg frå norrønt Hóll, som tyder ein låg jordhaug, oftast ein låg rund bakketopp (Leiv Heggstad). Det finst att i ei rekkje stadnamn, mellom dei Hol kommune og Hole i Buskerud, og andre stader i landet. Storgarden Hoel på Nes i Ringsaker er eit anna døme. Elles finst namnet òg i samansetningane Nerol og Sindrol (nørdre og søre Hol) i Hallingdal.