Namnet India

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
India.Arie
Foto: Chris Hakkens

India er namnet på eit land. Det blei tidlegare brukt om større geografiske område (Austindia, Bakindia og Vestindia), og er i nyare tid blitt brukt som kvinnenamn.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

«India» blei innført til India av europearar. Mynt frå Portugisisk India frå 1866.

«India», frå gresk Ἰνδία, er avleidd av Indus. På sanskrit blir denne elva kalla Sindhu, eit namn som blei til Hindušavestansk og Indus på gresk. Hinduš har gjeve nemningane «hindu», «hinduisme», hindustani og det lokale namnet «Hindustan». Europearar har kjend landet som «India» sidan mellomalderen.

På 1800-talet blei namnet «India» teke i bruk som kvinnenamn i den engelsktalande verda, i mange høve på grunn av ei viss tilknytting til landet.

«India» er også spansk for «indianar», og er blitt brukt om kvinner som er eller ser indianske ut, som «India Catalina» (ca. 1495–ca. 1529) eller den puertoricanske songaren «La India» (f. 1969).

Namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Litterær bruk[endre | endre wikiteksten]

India Wilkes er namnet på ein person i Gone with the Wind (1936) av Margaret Mitchell. Ho er ein motstandar til hovudpersonen Scarlett O'Hara.

India Ophuls er hovudpersonen i Shalimar the Clown (2005) av Salman Rushdie, som tek for seg mykje av moderne indisk historie.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Patrick Hanks, red. (2006), «India», A Dictionary of First Names, Oxford University Press 
  • John Everett-Heath, red. (2005), «India», Concise Dictionary of World Place-Names, Oxford University Press