Namsens Auge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Namsens Auge er eit utandørs spel som blir spelt kvar sommar på Seem Arena ved breidda åt Namsen i Grong kommune. Stykket er skrive av forfattar Torvald Sund og tek inspirasjon frå tilstanden mellom arbeids-/tenestefolk, storbønder og engelske rikfolk. Handlinga er oppdikta og lagt til 1939 — rett føre krigsutbrotet.

Initiativtakarane til skodespelet er lokale revy- og teaterentusiastar.

Sidan 2008 har alt skriftleg materiale for spelet vore på nynorsk, etter ein pengestønad frå Naumdøla Mållag.[1] Arkivert 2008-06-17 ved Wayback Machine.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]