Namsfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Namsos og Namsfjorden

Namsfjorden eller Namsenfjorden er ein fjord i Namsos, Flatanger og Namdalseid kommunar i Nord-Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 42 km søraustover og sørover til Sjøåsen i botn av fjorden Løgnin. Det meste av fjorden inn til Namsos ligg på sørvestsida av Otterøya.

Fjorden har innløp mellom Aurstøskjæret i vest og Knappholman i aust og går først langs kommunegrensa mellom Namsos og Flatanger. Grenda Innvorda ligg her på sørvestsida av fjorden. Ved Finnsneset på vestsida ligg grenda Sandmohamn og aust for Finnsneset ligg øya Altøya. Her går bukta Altbotnen 7 km austover forbi grenda Alte. Skorstad er ei anna grend som ligg på sørsida av bukta.

Vidare innover i fjorden ligg Ospneset på vestsida. Her går Leirfjordvika sørover på vestsida av neset, medan Ledangsvalen ligg på søraustsida av neset ved grenda Ledang. Like sør for Ledgang ligg bygda Statland. Ved Statland vert fjorden òg langt breiare og Hoddøya ligg her midt i fjorden. Hoddøya har eit areal på 10,3 km². Sørvest for Hoddøya ligg Tøttdalbotnet og grenda Tøttdal. Nord for Hoddøya ligg bygda Skomsvoll. Fjorden held fram austover på austsida av Hoddøya. Her ligg fleire mindre øyar midt i fjorden, som Sundsøya, Skjerpøya, Yttergåsøya, Innergåsøya og Brannøya. Nord for Brannøya ligg Andsneset der sundet Lokaren går nordover på austsida av Otterøya.

Sjølve Namsos ligg aust for Lokaren og her munnar elva Namsen ut i fjorden. Namsos ligg derimot i ein austleg arm av fjorden, og Namsfjorden held fram sørover frå austsida av Skjerpøya. Litt sørover i fjorden ligg Kjølsøya og her deler han seg i to. Fjordarmen Løgnin held fram sørvestover på vestsida av øya, medan Bangsundbotnet og Fjalbotnet går søraustover. Tettstaden Bangsund ligg ved Bangsundbotnet.

Fv215 ligg på vestsida i den ytre delen av fjorden nord for Statland. På Otterøya ligg Fv466 og Riksveg 767 langs fjorden. I dei indre delane av fjorden rundt Namsos går Fylkesveg 17.