Namsos kyrkje
Utsjånad
| Namsos kyrkje | |||
| kyrkje | |||
| Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
|---|---|---|---|
| Bispedøme | Nidaros | ||
| Prosti | Namdal | ||
| Sokn | Namsos | ||
| Fellesråd | Namsos | ||
| Arkitekt | Ola B. Aasness | ||
| Teknikk | mur | ||
| Material | teglstein | ||
| Innvigd | 1960 | ||
| Kyrkjegard | ved kyrkja | ||
| Sitjeplassar | 520 | ||
![]() Namsos kyrkje 64°27′56″N 11°29′41″E / 64.46551°N 11.49465°E | |||
| Wikimedia Commons: Namsos kirke | |||
Namsos kyrkje er ei kyrkje frå 1960 i Namsos kommune i Trøndelag fylke. Kyrkja ligg sentralt i Namsos by.
Byggverket er i tegl og har 520 plassar.
Tidlegare kyrkjer
[endre | endre wikiteksten]Den fyrste kyrkja i Namsos by var ei åttekantkyrkje i tre som vart innvigd i 1859. Ho gjekk med i bybrannen 27. juni 1872. Ei lafta langkyrkje teikna av Håkon Mosling vart innvigd i 1874 og gjekk med i bybrannen 30. mai 1897. Ei langkyrkje i gråstein teikna av Karl Norum vart innvigd 18. desember 1903. Den 20. april 1940 vart Namsos utsett for brannbombing, og alt brennbart i kyrkja brann, slik at berre murane stod att. Desse vart rivne, og ny kyrkje vart oppført etter krigen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Alf Henry Rasmussen, red. (1993). «Namsos kirke». Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 211. ISBN 82-75-27022-7.
- «Namsos kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Jon Hildrum og Steinar Johansen (1995). «Hver generasjon i Namsos har bygd sin kirke». Namsos-boka. Glimt fra byens historie gjennom 150 år. Nye Hojem trykkeri. s. 97–105. ISBN 82-91134-10-3.
- O.S. Aavatsmark (1914). «Kirker og kirkelige forhold». Namsos: Byens anlæg og utvikling. Kristiania. s. 227–267.
- Sigurd Krekling (1961). «Kirke og geistlighet». Namsos 1914–1954. s. 225–232.
- Namsos kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
