Namsvatnet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Namsvatnet
innsjø
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Trøndelag
Kommune Røyrvik
Høgd over havet 455 moh
Areal 39,38 km²
Kystlengd1 73,76 km
Koordinatar 65°00′58″N 13°45′53″EKoordinatar: 65°00′58″N 13°45′53″E
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Namsvatnet (samisk: Nååmesjenjaevrie) er ein innsjø i Røyrvik kommune i Trøndelag fylke. Elva Namsen danna tidlegare det viktigaste utløpet, men ved reguleringa i 1959 vart han demd opp (garder måtte då fråflyttast), og tunnel lagd ned til Vektaren. Vatn kjem til via Orvasselva frå Orvatnet, samt frå elva Vierma som kjem frå sjøen Vierma. Namsvatnet har røye, aure og ørekyte.

I dag er turistverksemd ein viktig aktivitet. Via 9 km båttransport frå Namsvassgrenda til nordenden av vatnet kjem ein til Børgefjell nasjonalpark. Der finn ein òg «Kristi Krybbe», ei villmarkskyrkje (fjellkapell) mykje brukt i sommarhalvåret.

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!
Spire Denne geografiartikkelen som har med Trøndelag å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.