Hopp til innhald

Nana Ioseliani

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nana Ioseliani


Statsborgarskap Sovjetunionen, Georgia
Fødd 12. februar 1962 (63 år)
Tbilisi
Idrett sjakk
Tok del i Women's Chess Olympiad 1980, Women's Chess Olympiad 1982, Women's Chess Olympiad 1992, Women's Chess Olympiad 1994, Women's Chess Olympiad 1996, Women's Chess Olympiad 1998, Women's Chess Olympiad 2000, Women's Chess Olympiad 2002

Nana Ioseliani[a] (fødd 12. februar 1962 i Tbilisi) er ein georgisk sjakkspelar. Ho blei tildelt tittelen stormeister i 1980 og internasjonal meister i 1993.

Allereie i 1978 fekk Ioseliani vere med på det sovjetiske kvinnelandslaget som skulle spele i sjakk-OL 1978 i Buenos Aires. Heile laget bestod av georgiske spelarar, og sovjetiske tenestemenn bytta ut Ioseliani, som var den yngste, med ein russiskfødd spelar.[1] Ioseliani var med på det sovjetiske laget under Sjakk-OL 1980 og 1982. Seinare blei ho med på det georgiske laget under sjakk-OL 1992 og igjen i 1994 og 1996. Laget hennar vann gull alle fem gongane. Ho deltok også i dei tre neste olympiadane, og Georgia enda på høvesvise 3., 2. og 4. plass. Hennar individuelle poengsum var 65 poeng av 88 kampar.[2]

I 1979 og i 1980 vann Ioseliani i klassen for jenter under Junior-EM i sjakk. Ho har vunne kandidatturneringa to gongar, og kvalifisert seg til å spele i verdsmeisterskapen i sjakk for kvinner. I 1988 utfordra ho den dåverande verdsmeisteren Maja Tsjiburdanidze, men tapte 8½ mot 9½.[3] I 1993 spelte ho mot Xie Jun[4], men tapte 2½ mot 8½.[5]

Ioseliani har vunne den sovjetiske sjakkmeisterskapen for kvinner fire gongar. Ioseliani har også spelt for Georgia i verdsmeisterskapen i lagsjakk i 1997, og scora 1½/7 på brett 2.[6]

Sidan 2003 har Ioseliani tatt pause frå sjakkspelinga, og er gründer i Praha.

I 2021 dukka Ioseliani opp i dokumentaren Glory to the Queen saman med Nana Alexandria, Nona Gaprindashvili og Maja Tsjiburdanidze.[7]

  1. Georgisk ნანა იოსელიანი
  1. Lazareva, Inna (13. desember 2020). «Georgian women ruled chess in the Soviet era. A new generation chases the same ‘Queen’s Gambit’ glory.». The Washington Post. 
  2. «Women's Olympiad scorecard». Henta 4. desember 2009. 
  3. «1988 Women's World Championship». Henta 4. desember 2009. 
  4. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  5. «1993 Women's World Championship». Henta 4. desember 2009. 
  6. «1997 World Men's Team Championship». Henta 4. desember 2009. 
  7. Skhirtladze, Tatia; Khazaradze, Anna; Lazarevic, Milunka. «Glory to the Queen». Berg Hammer Film, Amour Fou Vienna, Playground Produkcija. Henta 17. mars 2024.