Nanaiisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nanaiisk
Klassifisering: Tungusiske språk
 Sørlege
  Sørøstlege
   Nanaiisk
Bruk
Tala i: Flag of Russia.svg Russland, Flag of the People's Republic of China.svg Kina
Språkkodar
ISO 639-3: gld

Nanaiisk (òg kalla golde og hezhen) er eit tungusisk språk som blir snakka av nanaifolk i Sibir i Russland og i provinsen Heilongjiang i Kina. Språket vert snakka av 100–200 personar av kring 17 000 etniske nanaifolk. Språket er alvorleg trua.[1]

Nanaiisk vert snakka, eller har vorte snakka, i følgjande område:

I Nanaidistriktet i Khabarovsk kraj finst det eit nanaiisktalande fellesskap, og det har vore utgjeve lærebøker og andre publikasjonar på nanai. Språket har der òg vorte styrka av at Nanaidistriktet har status som autonomt distrikt. Dei tre byane Dzhuen, Ulika og Dada har ein nanaifolkesetnad, medan talet på nanaifolk i dei andre delane av Khabarovsk kraj er liten. Undervisning i Nanai skjer i grunnskolen i Russland, framfor alt i nanailandsbyane i Khabarovsk kraj.

Ortografi[endre | endre wikiteksten]

De første bøkene på nanai i det russiske imperiet vart trykt av russisk-ortodokse misjonærar under slutten av 1800-talet med kyrillisk alfabet. Òg i Sovjetunionen vart det fram til tidleg på 1930-talet gjort forsøk med skriftleg nanaiisk med kyrilliske bokstavar, men mellom 1931 og 1937 vart det i pakt med den sovjetiske språkpolitikken nytta latinske bokstavar. Etter overgangen til det kyrilliske alfabetet i 1937 har nanaiisk brukt kyrilliske bokstavar. Alle bokstavar i det russiske alfabetet vert nytta, utom Щ щ og Ъ ъ. For lyden [ŋ] vert kombinasjonen Нг нг brukt. Rettskrivingsreglane vart endra i 1958, etter det inneheld nanaialfabetet alle dei 33 bokstavar i det russiske alfabetet og bokstaven Ӈ ӈ (i staden for Нг нг). Etter dette har likevel Нг нг vorte brukt for Ӈ ӈ. Den noverande versjonen av alfabetet på nanaiisk vart etablert 1993:

For å indikera lang vokal bruker alfabetet det diakritiske teiknet makron (¯) over bokstaven i lærebøker. Den russiske lingvisten Valentin Avrorin (1907–1977) utgav 1959–1961 ein grammatikk for nanaiisk i to band.[2][3]

I Kina vart det utgjeve ei lesebok for elevar i nanai med parallelle tekster på kinesisk og nanaiisk, med pinyin for teksta på nanaiisk.

Referansar[endre | endre wikiteksten]