Hopp til innhald

Nanaksjahi-kalenderen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Nanaksjahi)
No.MånadPanjabiDagarVestlege månader
1Chetਚੇਤ31mars-april
2Vaisakhਵੈਸਾਖ31april-mai
3Jethਜੇਠ31mai-juni
4Harhਹਾੜ31juni-juli
5Sawanਸਾਵਣ31juli-august
6Bhadonਭਾਦੋਂ30august-september
7Assuਅੱਸੂ30september-oktober
8Katakਕੱਤਕ30oktober-november
9Magharਮੱਘਰ30november-desember
10Pohਪੋਹ30desember-januar
11Maghਮਾਘ30januar-februar
12Phagunਫੱਗਣ30/31februar-mars

Nanaksjahi-kalenderen (pandjabi ਨਾਨਕਸ਼ਾਹੀ, nānakashāhī) er ein solkalender brukt av nokre sikhar. Kalenderen blei utforma i moderne tid og følgjer den gregorianske. Tradisjonelt har sikhar følgd den hinduiske bikrami-kalenderen.

Utgangspunktet for tidsrekninga er fødselen til den første sikh-guruen i 1469. Guru Nanak Dev har òg gjeve namn til kalenderen. Kalenderen legg fast alle viktige hendingar for sikhismen i høve til vestleg tidsrekning. Tradisjonelle høgtider som sikhar deler med hinduar, som divali og hola mohalla, følgjer stadig hindukalenderen.

Kalenderen er omstridd blant sikhar. På den eine sida frigjer han seg frå hindukalenderen, slik sikhismen var meint å ikkje vera verken hinduisme eller islam. Det at han følgjer den utbreidde vestleg kalenderen gjer det også lettare for sikhar å minnast viktige datoar. På den andre sida bygger han framleis på hindukalenderen i namn på månader, i tillegg til den opphavleg kristne vestlege kalenderen.

Nanaksjahi-kalenderen blei utforma av den kanadiske sikhen Pal Singh Purewal, som byrja arbeidet med han på 1960-talet, og teken i bruk av nokre sikhar rundt tusenårsskiftet. Første gongen han blei prøvd innført var i desember 1999 av den leiande sikhorganisasjonen Shiromani Gurdwara Prabandhak Committee, medan den andre leiande organisasjonen Akal Takht meinte ein ikkje burde innføra noko nytt før det var blitt konsensus innan khalsaen.

Nye år i nanaksjahi-systemet tek til på det som er den 13. mars i den gregorianske kalenderen.

HendingNanaksjahi-datoVestleg dato
Fødselen til Guru Gobind Singh, den tiande sikh-guruen23. poh5. januar
Fødselen til Guru Har Rai, den sjuande Sikh19. magh31. januar
Guru Har Rai blei den sjuande sikh-guruen
Nanaksjahi-nyttår
Hola mohalla-høgtida
1. chet14. mars
Guru Hargobind, den sjette sikh-guruen, døydde6. chet19. mars
Fødselen til Guru Nanak, den første sikh-guruen og grunnleggjaren av sikhismen
Vaisakhi, grunnlegginga av khalsaen
1. vaisakh14. april
Guru Angad, den andre sikh-guruen, døydde3. vaisakh16. april
Guru Amar Das blei den tredje sikh-guruen3. vaisakh16. april
Guru Harkrishan, den åttande sikh-guruen, døydde3. vaisakh16. april
Guru Tegh Bahadur blei den niande sikh-guruen3. vaisakh16. april
Fødselen til Guru Angad, den andre sikh-guruen5. vaisakh18. april
Fødselen til Guru Tegh Bahadur, den niande Sikh sikh-guruen5. vaisakh18. april
Fødselen til Guru Ardjan, den femte sikh-guruen19. vaisakh2. mai
Fødselen til Guru Amar Das, den tredje sikh-guruen9. jeth23. mai
Guru Hargobind blei den sjette sikh-guruen28. jeth11. juni
Martyrdommen til Guru Ardjan, den femte sikh-guruen,2. harh16. juni
Fødselen til Guru Hargobind, den sjette sikh-guruen21. harh5. juli
Guru Hargobind Sahib6. sawan21. juli
Guru Harkrisjan Sahib8. sawan23. juli
Guru Granth Sahib, den heilage skrifta til sikhane, blei sett opp i det gylne tempelet for første gong.17. bhadon1. september
Guru Amar Das, den tredje sikh-guruen, døydde2. asu16. september
Guru Ram Das blei den fjerde sikh-guruen2. asu16. september
Guru Ram Das, den fjerde sikh-guruen, døydde2. asu16. september
Guru Arjan blei den femte sikh-guruen2. asu16. september
Guru Angad blei den andre sikh-guruen4. asu18. september
Guru Nanak, den første sikh-guruen, døydde8. asu22. september
Fødselen til Guru Ram Das, den fjerde sikh-guruen25. asu9. oktober
Guru Har Rai, den sjuande sikh-guruen, døydde6. katik20. oktober
Guru Harkrisjan blei den åttande sikh-guruen6. katik20. oktober
Sikh-skrifta Guru Granth Sahib blei utropt som den siste guruen av Guru Gobind Singh6. katik20. oktober
Guru Gobind Singh, den tiande sikh-guruen, døydde7. katik21. oktober
Guru Gobind Singh blei den tiande sikh-guruen11. maghar24. november
Guru Tegh Bahadur blei drepen11. maghar24. november
Ajit Singh og Jujhar Singh, dei to eldste sønene til Guru Gobind Singh,. blei drepne i slaget ved Chamkaur8. poh21. desember
Zorawar Singh og Fateh Singh, dei to yngre sønene til Guru Gobind Singh, blei drepne i Sirhind13. poh26. desember

    Bakgrunnsstoff

    [endre | endre wikiteksten]