Gitaristen Nancy Wilson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Nancy Wilson)
Nancy Wilson

Wilson i september 2012
Fødd16. mars 1954 (70 år)
FødestadSan Francisco i California
FødenamnNancy Lamoureaux Wilson
OpphavSeattle i Washington i USA
AktivSidan 1972
Sjanger
Instrument
  • Gitar
  • vokal
Stemmetypemezzosopran
Tilknytte artistar
  • Heart
  • The Lovemongers
  • Roadcase Royale
Verka som
  • Musikar
  • songar
  • låtskrivar
  • produsent
  • komponist
FarJohn Bushrod Wilson
Gift medCameron Crowe
Prisarstjerne på Hollywood Walk of Fame

Nancy Lamoureaux Wilson (fødd 16. mars 1954) er ein USA-amerikansk musikar, songar, låtskrivar, produsent og filmkomponist. Ho vart kjend i lag med den eldre systera si, songaren Ann Wilson, som gitarist og korvokalist i rockebandet Heart, der ho vart medlem i 1974.

Ho voks opp nær Seattle i forstaden Bellevue, og byrja å spele musikk som tenåring. Medan ho gjekk på college, vart ho i lag med systera Ann medlem av Heart. Dette var det første hardrockbandet fronta av kvinner,[1] og Heart gav ut fleire album seint i 1970- og i 1980-åra, frå og med Dreamboat Annie (1975) og Little Queen (1977), som begge inneheldt hitsinglar som «Magic Man», «Crazy on You» og «Barracuda».

Wilson har blitt hylla som gitarist og i 2016 kåra Gibson ho til den åttande beste, kvinnelege gitaristen gjennom tidene.[2]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Live from McCabe's Guitar Shop (1999)
  • Nancy Wilson – Instructional Acoustic Guitar (2007, DVD)
  • Baby Guitars (2009)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Shindler, Merrill (28. juli 1977). «The Wilson Sisters Talk Heart to Heart». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 15. september 2015. Henta 27. desember 2017. 
  2. Erickson, Anne (26. mars 2016). «Guitar Gals: The Top 10 Female Guitarists of All Time». Gibson. Arkivert frå originalen 4. august 2019. Henta 23. desember 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Gitaristen Nancy Wilson