Nanga Parbat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nanga Parbat
fjell
Nanga Parbat sett frå nord.
Land  Pakistan
Fjellkjede Himalaya
Høgd 8 125 moh.
Førstestiging 3. juli 1953, Hermann Buhl
Koordinatar 35°14′18″N 74°35′22″E
Kart
Nanga Parbat
35°14′21″ N 74°35′24″ E
Wikimedia Commons: Nanga Parbat

Nanga Parbat, også kjend som Diamir, er 8125 moh., verdas niande høgaste fjell, og det nest høgaste fjellet i Pakistan etter K2. Nanga Parbat tyder 'nakent fjell' på urdu/hindi.

Fjellside

Nanga Parbat ligg i den vestlegaste delen av Himalaya, og er det vestlegaste av verdas fjell på over 8000 meter. Fjellet ligg like sør for Indus-elva, i Diamir-distriktet i det pakistanske territoriet Gilgit-Baltistan. Like nord for Nanga Parbat ligg den vestlege delen av Karakoram-kjeda.

Nanga Parbat er ikkje eitt enkelt fjell, men ei 20 kilometer lang kjede som reiser seg høgt over det omkringliggande landskapet. Den sørvestlege delen av denne kjeda er kjend som Mazeno Ridge, og består av ein rekkje toppar. Mot andre sida strekkjer hovudryggen seg mot aust, før den dreiar nordaust mot Rakhiot Peak (7070 m).

Den voldsomme sørflanken, kjend som Rupal Face, dominerer sør/søraustsida av fjellet. Den reiser seg 4600 meter over dalen under, og er rekna som kanskje verdas største fjellside. Den noko slakare nordsida, Rakhiot Face, har også ei veldig stigning over ei relativt kort strekning. Rakhiot-sida fell over 7000 meter frå toppen og ned til Indus-elva berre 27 kilometer unna.

Topp og mellomtoppar

Nanga Parbat 8125 m
Schulter 8070 m
Sørtoppen 8042 m
Nordausttoppen 7910 m
Nordtoppen 7815 m
Nordtoppen II 7785 m
Silberzacken 7597 m
austtoppen 7530 m
Rakhiot Peak 7070 m

Klatrehistorie[endre | endre wikiteksten]

Nanga Parbat vert rekna som eit særs krevjande fjell å klatre, og det har blitt omtalt som «dødens fjell» av lokalbefolkninga. For kvar tredje klatrar som har stått på toppen av Nanga Parbat, har éin døydd. Dette gir ein dødsrate på 30 prosent, og av fjella i Himalaya har berre Annapurna I ein høgare dødsrate.

Klatrarar byrja tidleg å forsøke å klatre Nanga Parbat. Allereie i 1885 gjennomførte den britiske fjellklatraren Albert Mummery ein ekspedisjon til fjellet. Dei kom heilt opp til 7000 meter på vestsida av fjellet (Diamir Face). Mummery og to av gurkha-hjelparane hans døydde seinare under rekognosering av Rakhiot-sida.

Seks tyske ekspedisjonar gjorde forsøk på fjellet i 1930-åra, utan å lykkast og med store tap av menneskeliv. Ekspedisjonane kom opp til 7700 meter på austryggen, via Rakhiot-sida. Nanga Parbat blei kjend som «det tyske fjellet» blant fjella på over 8000 meter, i motsetning til Annapurna og Mount Everest, som blei karakterisert som «fransk» og «britisk» på grunn av det høge talet klatrarar frå Frankrike og Storbritannia på desse fjella.

Toppen blei klatra for første gong 3. juli 1953, av austerrikaren Hermann Buhl. Han klatra toppen aleine, etter at dei øvrige klatrarane i ekspedisjonen hadde snudd. Buhl er den einaste klatraren som har klatra eit fjell for første gong over 8000 meter aleine og utan kunstig oksygen-tilførsel.

Nanga Parbat fekk sin andre bestining i 1962. Ein tysk ekspedisjon klatra til topps via ein rute i venstrekant av den rasutsatte Diamir-sida, og etablerte det som i dag er den mest brukte ruta opp fjellet.

I 1970 klatra brørne Reinhold og Günther Messner toppen via ein direkterute opp den enorme Rupal-sida, i det som blei den tredje bestigninga av fjellet. Ute av stand til å returnere same veg som dei kom opp, gjennomførte dei to også den første traversen over toppryggen, og klatra ned Diamir-sida. Günther blei tatt av eit snøskred og forsvann under turen ned.

I 1978 returnerte Reinhold Messner til Nanga Parbats Diamir Face, og gjennomførte den første bestigninga heilt utan ekspedisjonsstøtte (solo over Base Camp) av eit fjell på over 8000 meter.

I 1984 blei franske Lilliane Barrard første kvinne på toppen av Nanga Parbat.

I 1990 blei Andreas Fredborg første nordmann på toppen av Nanga Parbat.[1] Fredborg klatra fjellet utan bruk av kunstig oksygentilførsel.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Panoramabilete av Nanga Parbat.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Matias Ytterstad (6. mai 2018). «Elisabeth forlot kameraten for å dø på «dødsfjellet»». Dagbladet. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]