Nangijala

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Nangijala er eit eventyrland som ein kjem til når ein døyr i Astrid Lindgrens bok om Løvehjerte-brørne. Der er det som i mellomalderen, og det er tre område der: Tornrosedalen, Kirsebærdalen og Karmanjaka.

Kirsebærdalen er staden der brørne Løvehjerte bur, ein stad som på alle vis liknar eit paradis. Tornrosedalen er ein liknande dal, men der er alle slavar av diktatoren Tengil, som også herskar over Karmanjaka. Karmanjaka er ein mørk og vond stad, ikkje heilt ulik Tolkiens Mordor. Ein kjend figur som bur i Karmanjaka, er draken Katla.

Døyr ein i Nangijala, kjem ein til Nangilima.