Nanjing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
南京 (pinyin Nánjīng)
Andre namn Wade-Giles-transkripsjon Nan-ching, postromanisering Nanking.
Tidlegare namn Jinling (金陵) Jiangning (江宁), Tianjing (天京)
Frå Nanjing.
Frå Nanjing.
Styresmakter
Land Folkerepublikken Kina og Republikken Kina
Borgarmeister Ji Jianye]
Geografi
Flatevidd
 - By

6598 km²
Innbyggjarar
 - By (2009)
   - folketettleik

7713100
  1123,5/km²
Koordinatar 32°03′″N 118°46′″EKoordinatar: 32°03′″N 118°46′″E
Høgd over havet 15 m
Tidssone Beijing-tid (UTC+8)
Diverse anna
Postnummer 210000 - 211300
Telefon-retningsnummer 25
Nettstad: www.nanjing.gov.cn

Nanjing (uttalt /nantʃiŋ/) eller tidlegare Nanking er ein by og regionshovudstad i provinsen Jiangsu i Folkerepublikken Kina. Samtidig er Nanjing framleis offisielt rekna som hovudstad i Republikken Kina som i dag berre befinn seg på øya Taiwan.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen ligg ved sørbreidda av Chang Jiang og har tradisjonelt vore eit viktig senter i Aust-Kina. Ein reknar med at han var verdas største by rundt år 1400.

I 1937 fann dei såkalla Nanjing-massakrane stad i og rundt byen då den japanske hæren drap mellom 40 000 og 300 000 menneske. Dette er ei hending som framleis tyngjer tilhøvet mellom Kina og Japan.

Etter den kommunistiske overtakinga i 1949, vart Nanjing utbygd med diverse ulike industriverksemder. I dag finst det òg bilfabrikkar her.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]