Nanny of the Maroons

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nanny of the Maroons
Alias Nanny, Nanni, Grandy Nanny, Granny Nanny, Queen Nanny
Fødd ca. 1685
Ghana
Død

ca. 1733 (48 år)
Colony of Jamaica

Yrke motstandskjempar

Nanny (kring 1685–kring 1755) var ein jamaicansk leiar på 1700-talet. Ho er utnemnd til jamaicansk nasjonalhelt, som den einaste kvinna. Ho er også kjend som Queen Nanny, Grandy eller Granny Nanny og Nanny of the Maroons.

Nanny leia ei gruppe jamaicanske maroonar, det vil seia rømde afrikanske slavar og etterkomarane deira som hadde slått seg ned i lag med innfødde tainofolk i innlandet på øya. Dei heldt til i Nanny Town, som lenge var ein fristad for maroonane. Etter den første maroonkrigen gjekk koloniherskarane med på ein fredsavtale der gruppa fekk eigedomsrett over eit stykke land på 500 acre i Portland Parish.[1] Her grunnla dei nye Nanny Town, den noverande Moore Town, som har eit minnesmerke over Nanny. Det er også reist eit monument til henne i National Heroes Park i Kingston.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Maroon-busetnaden Accompong Town fotografert tidleg på 1900-talet.

Livet til Nanny er dårleg dokumentert, og mykje av omtalen av henne stammar frå munnleg overlevering. Namnet hennar går att tre gonger i omtaler av maroon-krigen, og på skøytet for land.[a] Det er ikkje bevist at dette er same Nanny, men ein reknar gjerne med at det er slik.[3] Det at britane gav eigedommen til ei kvinne og ikkje ein mannleg leiar tyder på at denne kvinna hadde ei særs viktig stilling.[4]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Nanny blei kjend som maroon-leiar på byrjinga av 1700-talet. Ho skal ha vore ein rømd slave av akan- eller ashantiopphav. Ein reknar med at ho blei fødd ein gong rundt 1680 i noverande Ghana.[5] Ho er assosiert med fire menn som også var maroon-leiarar - Accompong, Cudjoe, Johnny og Quao - og som tidvis blir sagt å ha vore brørne hennar. Kvar av desse skal ha grunnlagd eller blitt leiarar for ulike maroon-grupper: Cudjoe organiserte ei bygd i Saint James Parish som seinare blei kjend som Cudjoe's Town eller Trelawny Town, Accompong busette seg i Saint Elizabeth Parish i ei bygd som etterkvart blei kjend som Accompong Town,[6] medan Nanny og Quao skipa busetnader i Blue Mountains aust på Jamaica. Den viktigaste busetnaden her blei kjend som Nanny Town.

Det blir sagt om Nanny at ho skal ha hatt ei kongeleg avstamming, og at ho kom til Jamaica som fri og ikkje som slave. Ho kan ha vore gift med ein mann som heitte Adou, men det er ikkje kjend at ho hadde nokre barn som voks opp.[7][5]

Maroonkrigane[endre | endre wikiteksten]

Old Cudjoe making peace, illustrasjon frå The History of the Maroons (1803) av Robert Charles Dallas.

Etter lang tids konflikt mellom den britiske kolonimakta og dei frie maroonane på Jamaica braut den første maroonkrigen ut i 1728. Britiske soldatar gjekk til åtak mot maroon-basar, og tok Nanny Town. Maroonane trekte seg djupare inn i skogen og fjella, og dreiv geriljaverksemd som førte til store tap for britane. Etter fleire års krigføring innsåg britane at dei måtte inngå fred med maroonane, og skreiv avtalar med Cudjoe i 1739 og med Nanny og Quao i 1739/1740.[8] Ved slutten av den første maroonkrigen fekk Nanny og gruppa hennar eit stykke land på 500 acre (2.4 km²) der dei grunnla New Nanny Town.[2][9]

Kolonistyresmaktene erkjende opphavleg to maroon-busetnader - Crawford's Town and Cudjoe's Town, sistnemnde seinare kjend som Trelawny Town. Etterkvart var det anerkjend fem maroon-busetnader – Accompong Town, Trelawny Town, Charles Town, Scots Hall og Nanny Town (den seinare Moore Town). Dei blei styrte av maroon-leiarar med ein britisk oppsynsmann i kvar busetnad. Maroonane på si side lova å ikkje ta imot flykta slavar, og var venta å slost på britisk side dersom øya blei angripen av franske eller spanske styrkar.[10]

Død[endre | endre wikiteksten]

I Journal of the Assembly of Jamaica for 29.–30. mars 1733 blir «lojale slavar»[b] leia av «Captain Sambo», eller William Cuffee, prisa for mot og truskap i kampen mot maroonane. Cuffee blei løna for innsatsen og for å ha drepe Nanny. Han blei kalla «a very good party Negro, having killed Nanny, the rebels old obeah woman».[11]

Men i 1734/35 rapporterte Cupid, ein ebo-mann som hadde flykta frå maroonane og deretter blitt fanga av slavehaldarane, at Nanny og mannen hennar var blant ei gruppe som hadde flykta frå Nanny Town då byen fall.[12]

Joseph J. Williams, som gav ut ei omfattande historie om maroonane i 1938, blei fortald av maroonar at Nanny og gruppa hennar kom til Charles Town. Etter underteikninga av traktatar med kolonistyresmaktene blei New Nanny Town grunnlagd, og Nanny skal ha budd der. Ho skal ha blitt gravlagd i ein haug i området.[2] Staden er kjend som Bump Grave. Her blir Nanny feira med ei årleg markering.[13]

New Nanny Town fekk namnet Moore Town i 1760-åra.[14] Området blei styrt av ein kvit oppsynsmann, Swigle, og maroon-leiarane Clash og Sambo.[15]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Nanny er blitt kjend som ein av dei tidlegaste leiarane for afrikansk motstand mot slavehaldarar i Amerika. Ho er ein folkehelt på Jamaica, med ei særstilling blant maroonane. Dei kan kalla henne «mor til oss alle» (The Mother of Us All) og hevda at ho var send av Gud for å leia folket til fridom.[16]

I 1977 blei ho utropt til ein jamaicansk nasjonalhelt, som einaste kvinne. 31. august 1982 blei Nanny tildelt nasjonalheltordenen på Jamaica saman med Samuel Sharpe.[17]

Staden der Nanny Town låg, i dagens Blue Mountains National Park, er erklært eit nasjonalt monument på Jamaica av Jamaica National Heritage Trust (JNHT).[18][19]

Soger[endre | endre wikiteksten]

Kreftene til Nanny blir skildra som overnaturlege i nokre overleveringar, som forteljinga om Nanny's Pot, ei gryte som kokte utan eld og som skal ha lokka til seg inkjeanande britiske soldatar.[12]

Ho skal også ha hatt evna til å fanga kuler med hendene, eller baken, og skyta dei tilbake mot fiendane sine.[12][7]

Ei anna soge set opp kontrasten mellom Nanny og Grandy Seseku, ei åndeleg syster. I soga blir begge to tekne til den nye verda som slavar. Nanny klarer å rømma, og oppmuntrar Sekesu til å gjera det same. Rømmingsforsøket blir oppdaga då barnet hennar gret, og Sekesu held fram som slave. Dette kan tolkast som ei opphavssoge for dei frie maroonane og dei afrikanskætta slavane på Jamaica.[5]

Minne[endre | endre wikiteksten]

Nanny er avbilda på den jamaicanske 500-dollarsetelen.[20] Setelen er kjend som ein «nanny» på folkemunne.[21]

Nanny er minna på det ein reknar som gravstaden hennar, Bump Grave i Moore Town, og i National Heroes Park i Kingston. Monumentet i parken symboliserer Nanny omgjeven av maroon-soldatar. Det omfattar ein lydlagande struktur som høyrest ut som abeng, eit instrument maroonane brukte strategisk i kampen sin mot britane.[22]

Bustadområdet Nannyville Gardens i Kingston blei bygd i 1977 og namngjeve etter henne.[23]

Ein palme som ein bruker til å tekka (thatch) tak med er lokalt kjend som Nanny Thatch.[24]

I kulturen[endre | endre wikiteksten]

Nanny er omtalt i dokumentarfilmen Queen Nanny: Legendary Maroon Chieftainess.[25]

Nanny var inspirasjon for eit kunstprosjekt av Renee Cox, Queen Nanny of the Maroons frå 2004. Cox laga først ein serie fotografi der ho sjølv framstilte Queen Nanny. Ho følgde opp med ein serie fotografiske portrett av samtidige maroonar i Moore Town, den tidlegare New Nanny Town.[5]

Reggaesongaren Burning Spear har laga ein song kalla «Queen of the Mountain» inspirert av Queen Nanny.

Gilder Lehrman Center for the Study of Slavery, Resistance and Abolition ved Yale University i USA bruker eit portrett av Nanny i logoen sin.

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. I den opphavlege teksten «wherefore the commissioners underwritten being met together do certify that the above Thomas Newland did lay an order for Negro Nanny and the people residing with her on five hundred acres of land in the Parish of Portland.»[2]
  2. «loyal slaves»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Campbell, Mavis C., The Maroons of Jamaica, 1655-1796, Trenton, NJ: Africa World Press, 1990, s. 177, 175.
  2. 2,0 2,1 2,2 Tuelon 1973, s. 23.
  3. Sharpe, Jenny (2002). «Ghosts Of Slavery: A Literary Archaeology of Black Women’s Lives». Minneapolis: University of Minnesota Press. 
  4. Reyes 2002, s. 83.
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Gant 2016.
  6. Wright, Col. Martin Luther (1992). «The Accompong Town Maroons: Past and Present». 1992 Festival of American Folklife catalogue. Smithsonian Institution. Henta 9. desember 2015. 
  7. 7,0 7,1 «Jamaica's True Queen: Nanny of the Maroons». Jamaicans.com. Henta 6. oktober 2018. 
  8. Campbell 1990, s. 126-163.
  9. Edward Kamau Brathwaite, Wars of Respect: Nanny, Sam Sharpe and the Struggle for People’s Liberation (Kingston: API, 1977), s. 10.
  10. Bev Carey, The Maroon Story, s. 117-257.
  11. Campbell 1990, s. 177.
  12. 12,0 12,1 12,2 Tuelon 1973, s. 22.
  13. «Jamaicans encouraged to participate in heritage week celebrations». Jamaica Gleaner. 10. oktober 2016. 
  14. Journals of the Assembly of Jamaica, Vol. 5, 3. desember 1760, p. 227
  15. Michael Siva, After the Treaties: A Social, Economic and Demographic History of Maroon Society in Jamaica, 1739-1842, PhD Dissertation (Southampton: Southampton University, 2018), s. 70-1.
  16. Pamela D. Reed. «Maroon community». Encyclopædia Britannica. 
  17. «Nanny of the Maroons». Jamaica Information Service. «Right Excellent Nanny of the Maroons was conferred the Order of the National Hero as per Government Notice 23 Jamaica Gazette» 
  18. «Nanny Town». Jamaica National Heritage Trust. 
  19. «Nanny Town, Cunha Cunha to gain national monument status». Jamaica Gleaner. 20. juni 2011. 
  20. «Bank Notes». The Bank of Jamaica. 2010. 
  21. «About Queen Nanny of the Jamaican Maroons». itzcaribbean.com. Henta 9. desember 2015. 
  22. Georgia Brown. «Monument to the Rt. Excellent Nanny». The Jamaica National Heritage Trust. Arkivert frå originalen 30. desember 2007. 
  23. «Nannyville Gardens honours Nanny of the Maroons». 27. oktober 2010. 
  24. Tuelon 1973, s. 20.
  25. Kimberley Small (7. juni 2018). «'Queen Nanny' visits US Embassy». Jamaica Gleaner. 
Bibliografi
  • Campbell, Mavis C. (1990), The Maroons of Jamaica, 1655-1796, Trenton, NJ: Africa World Press, ISBN 0-86543-096-9 
  • Gant, Kimberli (november 2016). «Icons Brought Forward». Nka: Journal of Contemporary African Art (Duke University Press). 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Mavis C. Campbell: The Maroons of Jamaica, 1655-1796. Trenton, NJ: Africa World Press. 1990.
  • Karla Gottlieb: The Mother of Us All: A History of Queen Nanny. Trenton, NJ: Africa World Press, 2000.
  • Serafín Mendez Mendez, Gail Cueto, Neysa Rodríguez Deynes: Notable Caribbeans and Caribbean Americans: A Biographical Dictionary. Greenwood Publishing, 2003, s. 324–325
  • Alan Tuelon: «Nanny — Maroon Chieftainess,» Caribbean Quarterly, Vol. 19, No. 4 (December 1973), psp. 20–27 (PDF ved JSTOR)