Karbonnanorøyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Nanorøyr)
Ulike typar av karbonnanorøyr

Karbonnanorøyr eller berre nanorøyr er ei sylinderforma form av grunnstoffet karbon, utvikla av eit samanrulla grafén og som utgjer ein del av nanoteknologien.

Dei er berre nokon nanometer i diameter, men fleire tusen nanometer lange. Nanorøyr av karbon er sterkare enn noko anna kjent stoff og lettare enn aluminium. Dei kan bøyast og blir opp att retta utan å ta skade og leie opptil 1000 gonger meir straum enn ein vanleg koparleidning.

Fleirvegga nanorøyr (MWNT) dannast ved å deponere hydrokarbon i gassfase på ein katalysator. Enkeltvegga nanorøyr (SWNT) dannast når karbon og ein katalysator samstundes blir leia inn i ein lysboge i edelgassatmosfære.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]