Nao Kodaira
| Nao Kodaira | |
| Statsborgarskap | Japan |
| Fødd | 26. mai 1986 (40 år) Chino |
| Idrett | lengdeløp på skeiser |
| Tok del i | Vinter-OL 2014, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2010 – Lagtempo damer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2018 – 1000 meter kvinner, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2022 – 500 meter kvinner, Vinter-OL 2018, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2022 – 1000 meter kvinner |
| Utmerkingar | Æresmedalje med lilla band |
Nao Kodaira (fødd 26. mai 1986) er ein japansk tidlegare skeiserennar frå Chino. Ho vart verdsmeister i sprint-firkamp i 2017 og 2019, og olympisk meister på 500 meter i 2018. Åra 2017 og 2020 sigra ho på 500 meter også i VM enkeltdistansar.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Kodaira deltok i Vinter-OL 2010 i Vancouver der ho var med å vinne ein sølvmedalje i lagtevlinga. Ho kom elles på femteplass på 1000 og 1500 meter, og vart nummer 12 på 500 m. Dei neste fire sesongane lukkast ho ikkje vinne medalje i korkje verdsmeisterskap eller i OL 2014.
Åra frå 2015 til 2020 var Kodaira mellom dei beste skeise-sprintarane i verda. I VM enkeltdistansar 2015 fekk ho bronsemedalje på 500 m. I VM enkeltdistansar 2017 sigra vann ho 500-meteren og tok sølvmedaljen på 1000 m. Ei dryg veke seinare fekk ho bestetider i dei tre fyrste løpa under Skeise-VM 2017 i sprint-firkamp i Calgary og triumferte med god margin til nummer 2 i meisterskapen.
Under Vinter-OL 2018 i Pyeongchang vann Kodaira gullmedaljen på 500 meter og sølvmedaljen på 1000 m. I februar 2019 gjekk ho i mål til sølv og bronse i VM enkeltdistansar i Inzell, for deretter å vinne Skeise-VM 2019 i sprint-firkamp i Heerenveen framom landskvinna Miho Takagi. Ved den neste sprint-verdsmeisterskapen, på Hamar i slutten av februar 2020, var rollene omsnudd då Takagi vart suveren meister og Kodaira nummer 2. Eit par veker i førevegen hadde Kodaira elles sikra seg gullmedaljen på 500 m i VM enkeldistansar i Salt Lake City.
Kodaira var aktiv til 2022.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Nao Kodaira» frå Wikipedia på tysk, den 16. februar 2026.