Naperville
Utsjånad
Naperville | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Areal | 100,413839 km² | ||
Folketal | 149 540 (1. april 2020)[1] | ||
![]() Naperville 41°44′54″N 88°09′57″W / 41.74826°N 88.16585°W | |||
Wikimedia Commons: Naperville, Illinois |

Naperville er ein by i delstaten Illinois i USA. I gagnet er byen ein forstad til storbyen Chicago, som ligg 45 km aust for Naperville. I 2020 hadde byen i kring 150 000 ibuarar, fordelt på fylka DuPage og Will.
Naperville vart grunnlagt ved elva DuPage i 1831 av Joseph Naper. Folketalet på staden voks kraftig frå 1960-åra, i samband med at mange menneske flytta ut frå sentrumsområda i Chicago.
Napervilles største sysselsetjar er Edward Hospital med sine 4 500 tilsette.
I 2025 vart Naperville kåra til USAs beste by å bu i, med vekt på gode levekår, økonomi og skulestell.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://data.census.gov/cedsci/table?t=Populations%20and%20People&g=0100000US,%241600000&y=2020; vitjingsdato: 1. januar 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Naperville, Illinois» frå Wikipedia på engelsk, den 19. april 2025.