Narada Michael Walden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Narada Michael Walden
Jeff Beck 2011 3.jpg
Fødd23. april 1952 (67 år)
FødestadKalamazoo
FødenamnMichael Walden
OpphavKalamazoo i Michigan i USA
AktivSidan 1971
Sjanger
Instrumenttrommesett, vokal
Plateselskap
Verka som
  • Trommeslagar
  • multiinstrumentalist
  • songar
  • komponist
  • produsent

Narada Michael Walden (fødd 23. april 1952) er ein USA-amerikansk produsent, trommeslagar, multiinstrumentalist, songar og låtskrivar. Han fekk namnet Narada av guru Sri Chinmoy tidleg i 1970-åra og har hatt ein musikalsk karriere sidan tidleg i 1970-åra. Walden eig og driv Tarpan Studios, eit platestudio i San Rafael i California.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

På scenen har han spelt med John McLaughlin og Mahavishnu Orchestra (der han erstatta trommeslagaren Billy Cobham),[1] Jeff Beck (på Wired) og Tommy Bolin Band.

Det første soloalbumet hans, Garden of Love Light, kom ut i 1976 og innehelt songen «Delightful», ein song frå setlista til Tommy Bolin Band. Denne kom ut på singel og nådde 81. plassen på R&B-lista i USA våren 1977. I 1976 spelte han på albumet Vimana av det italienske progressive rockebandet Nova, der han både er trommeslagar og komponerte ein av songane. I 1979 nådde albumet hans Awakening 15. plassen på R&B-lista og inneheldt hitten «I Don't Want Nobody Else (To Dance with You)». Seinare det året gav albumet hans The Dance of Life ein singel på topp 5 i USA, «I Shoulda Loved Ya». Han fortette med sporadiske solohittar gjennom 1980-åra. «Gimme Gimme Gimme», ein duett frå 1985 med Patti Austin, nådde topp 10 i Sverige, Noreg, Belgia og Nederland. I 1988 fekk han ein hit med i Storbritannia og USA med «Divine Emotions» under namnet Narada.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Dato Tittel US[2] US
R&B
US
Dance
UK[3]
1977 Delightful - 81 - -
1979 Give Your Love a Chance - 80 - -
I Don't Want Nobody Else (To Dance with You) 47 9 64 -
I Shoulda Loved Ya 66 4 8 8
1980 Tonight I'm Alright - 35 8 34
The Real Thang - 22 25 -
1981 I Want You - 46 25 -
1982 Summer Lady - 39 - -
You're #1 - 19 - -
1983 Reach Out (I'll Be There) - 40 19 -
1985 Gimme, Gimme, Gimme 106 39 - 87
The Nature of Things - 82 21 -
1988 Divine Emotions - 21 1 8
Can't Get You Outta My Head - - - -
Wild Thing - 97 - -

Filmmusikk[endre | endre wikiteksten]

Andre samarbeid[endre | endre wikiteksten]

Som trommeslagar[endre | endre wikiteksten]

Som produsent (og trommerslagar)[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hogan, Ed. «Narada Michael Walden: Biography». Allmusic. Henta 6. juli 2018. 
  2. Narada Michael Walden | Billboard
  3. Narada Michael Walden | Official Charts

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]