Nardo Fotballklubb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Nardo Fotballklubb er eit norsk idrettslag med base i bydelen Nardo i Trondheim, stifta 14. januar 1971. Laget er som namnet seier ein rein fotballklubb. Nardo spelar i rustraude trøyer og elles kvite fargar. I 2015 har fotballklubben i kring 600 medlemer.

Nardo FK vart stifta av tidlegare medlemer i Nidelv Idrettslag. Gjennom 1970- og -80-åra spelte klubben i den lågare lokale divisjonane i seriesystemet. I byrjinga av 1990-åra tok Nardo steget opp på nasjonalt nivå og spelte i åra 1993-96 på nivå to i norsk fotball. Roar Stokke, Arild Nordfjærn og Odd Inge Olsen var spelarar som utmerka seg i desse åra. Sidan 1997 har Nardo veksla mellom å spele på nivå tre og fire i serieordninga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]