Narendra Modi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Narendra Modi
gujarati નરેંદ્ર દામોદરદાસ મોદી
Fødd 17. september 1950

Vadnagar

1. verv Øvsteminister for Gujarat
 - periode 7. oktober 2001-22. mai 2014
2. verv Statsminister i India
 - periode 26. mai 2014-
none

Narendrabhai Damodardas Modi, kjend som Narendra Modi (fødd 17. september 1950) er ein indisk politikar for Bharatiya Janata-partiet (BJP) og statsminister i India. Han var øvsteminister i delstaten Gujarat i til saman fire periodar, frå 2001 til BJP vann Lok Sabha-valet i 2014 og Modi blei statsminister.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Narendra Modi var fødd i Vadnagar i det dåverande Bombay Presidency, no Gujarat. Familien hans var kjøpmenn frå ein vanskelegstilt kaste, ganchi. Som barn hjelpte han faren med å selja te på Vadnagar jernbanestasjon, og då han var tenåring dreiv han ei tebu på ein busstasjon saman med bror sin.

Foreldra til Modi arrangerte ekteskapet hans då han var barn. Som trettenåring trulova han seg og då han var atten gifta han seg med Jashodaben Chimanlal. Ekteparet tilbrakte lite tid saman og blei i røynda separert då Modi valde eit omflakkande liv og seinare vigde seg til politikken. Han reiste rundt i India i to år før han kom tilbake til heimstaden og fortsette som teseljar og som kantinearbeidar for Gujarat State Road Transport Corporation. I 1970 gjekk han over til å verka for den paramilitære frivillige rørsla Rashtriya Swayamsevak Sangh (RSS), som han hadde vore medlem av frå barndommen av. Han fekk noko trening av organisasjonen i Nagpur og fekk deretter ei leiande rolle i hindutvaorganisasjonen Sangh Parivar. Han studerte statvitskap ved Universitetet i Delhi og Gujarat University, der han tok mastergrad.

Politisk aktivitet[endre | endre wikiteksten]

Narendra Modi i bakgrunnen då A.B. Vajpayee møtte Vladimir Putin i 2001.

Under unntakstilstanden i India (1975–77), då opposisjon blei undertrykt, organiserte Modi løynd motstand og trykking og spreiing av pamflettar mot sentralmakta. I 1985 blei han medlem av Bharatiya Janata-partiet, og i 1988 blei han vald til generalsekretær i Gujarat-avdelinga av partiet. Dette markerte den politiske debuten hans. Han la mykje av grunnen for valstrategien til BJP i 1995, då partiet vann delstatsvalet. I november 1995 blei Modi utnemnd til «National Secretary» for BJP og flytta til New Delhi, der han fekk ansvaret for partiet sitt virke i Haryana og Himachal Pradesh. I 1998 fekk han rolle som General Secretary (Organisation) i partiet.

Då helsa til BJP-øvsteministeren i Gujarat, Keshubhai Patel, blei svekka, samstundes som BJP gjekk tilbake i tilleggsval, blei Modi vald av partileiinga til å erstatta han. Ettersom Modi hadde lite erfaring og for å unngå å såra Patel ville BJP-leiaren L.K. Advani utnemna Modi til «viseøvsteminister», men Modi svara til Advani og Atal Bihari Vajpayee at han ville vera «heilt ansvarleg for Gujarat eller ikkje i det heile».[1] 7. oktober 2001 blei han utnemnd til øvsteminister for delstaten.

Som leiar for Gujarat har Modi stått for økonomisk vekst og tilbakegang i korrupsjon. Kor mykje utvikling dei fattige i delstaten har opplevd er omdiskutert. Endå meir kontroversiell er Modi si rolle under opptøyane i Gujarat i 2002. Dei følgde Ayodhya-konflikten og starta etter at ein muslimsk mobb drap 58 hindupilegrimar derfrå i Godhra. Under opptøyane blei fleire hundre muslimar og hinduar drepne, men mange fleire muslimar enn hinduar. Som øvsteminister blei Modi skulda for å ikkje gjera nok for å hindra valden, og frå nokre hald for å godta han i nokre høve. Modi er blitt reinvaska av offisielle indiske undersøkingar, men er framleis rekna som ansvarleg av etterlaten familiar og ulike organisasjonar. I 2005 blei han nekta innreiseviusm til USA gjennom ein eksklusjon for personar som «direkte utførte [...] sterke brot på trusfridom»[2] Modi blei også boikotta av EU fram til mars 2013.[3]

Nasjonal politikk[endre | endre wikiteksten]

Modi (lengst til høgre) avlegg eid som statsminister.

Modi bidrog i valkampen til BJP før parlamentsvalet i 2009, særleg i Gujarat. Allereie då blei han lagd fram som ein mogleg statsministerkandidat for partiet ved neste val.[4] Mot partisenioren L.K. Advani blei han vald ut som leiar for valkomiteeen i juni og som statsministerkandidat i september 2013.[5]

Under valkampen blei sosiale media og ulike teknologiske verkemiddel tekne i bruk, mellom anna Twitter, Google og Facebook, og Modi fekk vist hologram av seg sjølv på valkampsamlingar. Han posta eit selfiebilde på Twitter, og Twitter-meldinga hans etter valsigeren blei det mest vidaretvitra i India.[6]

Narendra Modi stilte i to valdistrikt: Den heilage byen Varanasi i Uttar Pradesh og Vadodara i heimstaten. Han vann begge stader, i Vadodara med ein margin på 570 128 stemmer mot kongresskandidaten.[7] Ettersom parlamentsmedlem berre kan sitja i éin krins, gav han opp Vadodara-setet.[8] Valalliansen leidd av BJP gjorde det godt overalt i landet, medan Kongresspartiet leid store tap.[9] Etter valsigeren blei Modi einstemmig vald til leiar for BJP.

Narendra Modi avla eid som statsminister den 26. mai 2014 ved Rastrapati Bhavan, som den første statsministeren fødd i landet etter at det fekk sjølvstende.[10] I ein ny gest som spegla Modi si orientering mot andre land i Asia inviterte han alle leiarane av landa i Den sørasiatiske regionale samarbeidsorganisasjonen til eidsseremonien,[11] og blant dei som kom var den afghanske presidenten Hamid Karzai og den pakistanske statsministeren Nawaz Sharif.[12]


Modi fortsette snart arbeidet med å knytta tettare band til naboland. Hans første utanlandsreise som statsminister var til Bhutan, før han vitja Nepal i august.[13] 30. august byrja han ei femdagars vitjing av Japan.[14] 17. september vitja den kinesiske presidenten Xi Jinping India, og dei to landa skreiv under på fleire samarbeidsavtalar.[15] 26. september byrja Modi ein fem dagar lang tur til USA.[16]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «fully responsible for Gujarat or not at all».
  2. «directly carried out, at any time, particularly severe violations of religious freedom».
  3. «Germany delinks Narendra Modi's image from human rights issues», NDTV.com (March 06, 2013)
  4. BJP banking on Modi effect, 27 April 2009, http://blogs.thehindu.com/elections2009/?p=2148, henta 20 April 2014 ; Srivastava, Ritesh (30 August 2011), Election 2009 dissected: How parties cut the vote pie, http://zeenews.india.com/home/election-2009-dissected-how-parties-cut-the-vote-pie_532875.html, henta 4 June 2014 
  5. Narendra Modi set appointed as Chairman of BJP's Central Election Campaign Committee, 9 June 2013, http://articles.economictimes.indiatimes.com/2013-06-09/news/39849895_1_rajnath-singh-bjp-workers-bjp-cadres, henta 9 June 2013 ; Advani grabs lifeline, meekly withdraws resignation, 12 June 2013, http://articles.timesofindia.indiatimes.com/2013-06-12/india/39924840_1_l-k-advani-mohan-bhagwat-rajnath-singh, henta 15 August 2013 ; BJP announces Modi as prime ministerial candidate, 14 September 2013, http://www.thehindu.com/news/national/bjp-announces-modi-as-prime-ministerial-candidate/article5124375.ece, henta 17 April 2014 
  6. Sharma, Swati (25 June 2014), White House losing Twitter war to India’s Narendra Modi, http://www.washingtonpost.com/blogs/worldviews/wp/2014/06/25/indian-prime-minister-narendra-modi-beats-the-white-house-on-twitter/, henta 28 June 2014 
  7. Modi's Vadodara victory margin not highest-ever, 16 May 2014, http://www.business-standard.com/article/news-ians/modi-s-vadodara-victory-margin-not-highest-ever-114051601712_1.html 
  8. Modi thanks Vadodara, looks forward to serve Ganga, 29 May 2014, http://www.hindustantimes.com/india-news/prime-minister-modi-resigns-as-vadodara-mp-to-retain-varanasi-seat/article1-1224002.aspx, henta 29 May 2014 
  9. Lok Sabha polls: Narendra Modi wins big from Varanasi, Vadodara, 16 May 2014, http://zeenews.india.com/news/general-elections-2014/lok-sabha-polls-narendra-modi-wins-big-from-varanasi-vadodara_932550.html ; Election Results 2014: Narendra Modi Wins By Huge Margin in Vadodara, NDTV, 16 May 2014, http://www.ndtv.com/elections/article/election-2014/election-results-2014-narendra-modi-wins-by-huge-margin-in-vadodara-525271 ; Election Results 2014: Ab Ki Baar, Modi Sarkaar. BJP+ set for more than 300 seats., NDTV, 16 May 2014, http://www.ndtv.com/elections/article/cheat-sheet/election-results-2014-ab-ki-baar-modi-sarkaar.-bjp-set-for-more-than-300-seats.-525246?curl=1400225667 
  10. Narendra Modi appointed Prime Minister, swearing in on May 26, 20 May 2014, http://timesofindia.indiatimes.com/Home/Lok-Sabha-Elections-2014/News/Narendra-Modi-appointed-Prime-Minister-swearing-in-on-May-26/articleshow/35388297.cms, henta 21 May 2014 
  11. Swami, Praveen (22 May 2014), In a first, Modi invites SAARC leaders for his swearing-in, http://www.thehindu.com/news/national/in-a-first-modi-invites-saarc-leaders-for-his-swearingin/article6033710.ece, henta 24 May 2014 
  12. «PM accepts India's invite to Modi's oath-taking», DAWN, 24 May 2014, http://www.dawn.com/news/1108346/pm-accepts-indias-invite-to-modis-oath-taking, henta 24 May 2014 
  13. Narendra Modi has a 'Full' Diplomatic Calender Ahead: Bhutan, Japan, US, 8 June 2014, http://www.indiatimes.com/news/more-from-india/narendra-modi-has-a-full-diplomatic-calender-ahead-bhutan-japan-us-153330.html, henta 8 June 2014 
  14. Prime Minister on a 5 day visit to Japan, 30 August 2014, http://www.firstpost.com/world/pm-modi-leaves-5-day-visit-japan-nuclear-agreements-key-agenda-1688105.html, henta 2 September 2014 
  15. «List of Documents signed during the State Visit of Chinese President Xi Jinping to India». Press Bureau of India. 18 September 2014. http://pib.nic.in/newsite/erelease.aspx?relid=109787. Henta 26 September 2014. ; [pib.nic.in/newsite/erelease.aspx?relid=109782 English rendering of the Remarks by Prime Minister Shri Narendra Modi at the Press Briefing with President Xi Jinping of China], Press Bureau of India, 18 September 2014, pib.nic.in/newsite/erelease.aspx?relid=109782, henta 26 September 2014 
  16. «PM hopes visit to US will mark a new chapter in ties», Times of India (Sep 25, 2014)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]