Hopp til innhald

Narnia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Narnia (ogso kalla Krønikene om Narnia og Legenden om Narnia) er ein bokserie på sju fantasy-romanar av C.S. Lewis. Serien blir rekna som ein klassikar i barnelitteraturen og er forfattarens mest kjende verk. Bøkene er selt i over 100 millionar eksemplar på 47 språk.[1] Lewis skreiv serien mellom 1949 og 1954. Bøkene er illustrerte av Pauline Baynes. Serien vart opphavleg gjeven ut i London mellom oktober 1950 og mars 1956. Lewis henta inspirasjon til serien frå fleire kjelder, i tillegg til ei rekkje tradisjonelle kristne tema, karakterar og idear fritt lånt frå gresk, tyrkisk og romersk mytologi, og tradisjonelle britiske og irske eventyr. Bøkene har påverka fantasy-litteratur skrive for både barn og vaksne sidan andre verdskrig.

Bøkene i Narnia-serien

[endre | endre wikiteksten]
  1. Løven, heksa og klesskapet (The Lion, the Witch and the Wardrobe) (1950)
  2. Prins Caspian (Prince Caspian) (1951)
  3. Reisen til det ytterste hav (The Voyage of the Dawn Treader) (1952)
  4. Sølvstolen (The Silver Chair) (1953)
  5. Hesten og hans gutt (The Horse and His Boy) (1954)
  6. Drømmen om Narnia (The Magician's Nephew) (1955)
  7. Den siste striden (The Last Battle) (1956)

Bøker om Narnia-serien

[endre | endre wikiteksten]
  • Bruner, Kurt & Ware, Jim Finding God in the Land of Narnia, Tyndale House Publishers, 2005
  • Bustard, Ned The Chronicles of Narnia Comprehension Guide, Veritas Press, 2004
  • Duriez, Colin A Field Guide to Narnia. InterVarsity Press, 2004
  • Downing, David Into the Wardrobe: C. S. Lewis and the Narnia Chronicles, Jossey-Bass, 2005
  • Hein, Rolland Christian Mythmakers: C. S. Lewis, Madeleine L'Engle, J. R. R. Tolkien, George MacDonald, G.K. Chesterton, & Others Second Edition, Cornerstone Press Chicago, 2002, ISBN 978-0-940895-48-5
  • Jacobs, Alan The Narnian: The Life and Imagination of C. S. Lewis, HarperSanFrancisco, 2005
  • McIntosh, Kenneth Following Aslan: A Book of Devotions for Children, Anamchara Books, 2006
  • Ward, Michael Planet Narnia: The Seven Heavens in the Imagination of C. S. Lewis, Oxford University Press, 2008
  1. «Narnia coin: Special The Lion, the Witch and the Wardrobe coin released». BBC Newsround (på engelsk). 28. september 2023. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Narnia