Narrebluss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lockheed C-130 Hercules skyt narrebluss.
Sea Hawk-helikopter demonstrerar narrebluss

Narrebluss (engelsk decoy flare) er ei varmekjelde ein skyta ut frå fly, helikopter, båtar eller kjøretøy for å narre varmesøkjande missil vekk frå det eigentlege målet sitt. I militære miljø omtalar ein gjerne narrebluss som flare.

Narrebluss er idag saman med chaff den mest nytta forma for vern på militære fly og helikopter. Chaff er elektrisk leiande folie eller fiber som forstyrrar radarsystem. Andre motmiddel for vern ein nyttar mot varmesøkjande missil er rundstrålande jammarar og direktive jammarar.

Målet med eit narrebluss vil til vanleg vera å trekkje siktepunktet til missilet sin søkjar vekk frå målet, ideelt slik at målet kjem utanfor missilsøkjaren sitt synsfelt. Det kan òg nyttast i høvet med maskering for å få målet til å likne minst mogeleg på eit ekte mål, då i kombinasjon med andre narremiddel (narrebluss, røyk, chaff eller jammarar).[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.airforce-technology.com/features/feature49424/Mal:Unreliable source?

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]