Narrmarihand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Narrmarihand

Status i verda: NT Nær truga
Status i Noreg: CR Kritisk truga

Orchis morio plants.jpg

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Anacamptis
Art: A. morio
Vitskapleg namn
Anacamptis morio
(Linné) R.M.Bateman, Pridgeon & M.W.Chase
Økologi
Habitat: havnær grasmark
Utbreiing: Europa, vestlege Asia, nordlege Afrika

Narrmarihand (Anacamptis morio) er ei plante i narrmarihandslekta Anacamptis i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1]

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Narrmarihand kan bli opp mot 30 centimeter høg og har eit lite aks med fiolettfarga blomar, som har ei stor og brei, tredelt leppe. Eit kjennemerke på arten er dei stripete teikningane på dei to kronblada som danner «øyrene» på blomen.

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Narrmarihand var tidlegare knytt til vårmarihandslekta Orchis med namnet Orchis morio,[2] men er, saman med fleire andre artar, flytta til slekta Anacamptis.[3][4][5]

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

I Nord-Europa er narrmarihand bunden til grasmark nær havet. I sørlegare område kan han òg vekse på grasmark i høgareliggjande område. I Noreg veks han berre i eit lite område mellom Grimstad og Lillesand, og aldri mange meter frå havet.[6] Narrmarihand er freda,[7] og er på Norsk raudliste for artar oppgradert i 2021 frå sterkt truga til kritisk truga (CR).[8]

Arten finst òg i Sverige (status LC, svensk namn göknycklar)[9] og i Danmark (NT, dansk namn salepgøgeurt).[10]

Narrmarihand (engelsk namn green-winged orchid) veks spreidd over det meste av Dei britiske øyane, vanlegast i søraust. I den britiske raudlista har arten status som nær truga (NT).[11] Lokalt er han rekna som sårbar (VU) i England,[12] nær truga (NT) i Skottland[13] og livskraftig (LC) i Wales.[14] I den irske raudlista har arten status som sårbar (VU).[15]

I Estland (estisk namn arukäpp) veks narrmarihand spreidd vest på Saaremaa og er rekna som sterkt truga (EN).[16] I Latvia (latvisk namn zalkšu dzegužpuķe)[17] er arten svært sjeldan og finst berre som einskildindivid og i små grupper nær kysten. På den latviske raudlista er han klassifisert som sterkt truga (kategori 1 – draud iznīkšana).[18] I Litauen (litauisk namn mažasis anakamptis) har arten vore funne spreidd over heile landet, men er i sterk tilbakegang og er no rekna som kritisk truga (CR).[19][20]

Hybridar[endre | endre wikiteksten]

På Dei britiske øyane er det påvist at narrmarihand kan danne hybridar med Anacamptis laxiflora (Anacamptis laxiflora × morio, òg kalla Anacamptis ×alata).[21] Hybriden er påvist på Jersey og Guernsey.[22]

Narrmarihand kan òg danne ein intergenerisk hybrid (hybrid mellom ulike slekter) med vårmarihand (Anacamptis morio × Orchis mascula eller ×Anacamptorchis moriorides).[23] Hybriden er observert sporadisk i England og Wales,[22] medan det er uvisst om ei registrering i Småland i Sverige er reell.[24]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Artsdatabanken: Artsopplysningar narrmarihand». Artsdatabanken. Henta 27. februar 2022. 
  2. Johannes Lid og Dagny Tande Lid (1994). Norsk flora (6. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 726. ISBN 82-521-3754-7. 
  3. Johannes Lid og Dagny Tande Lid (2005). Norsk flora (7. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 908. ISBN 978-82-521-6029-1. 
  4. Horst Kretzschmar, Wolfgang Eccarius, Helga Dietrich (2007). The Orchid Genera Anacamptis, Orchis and Neotinea. Albersdorf, Tyskland: EchinoMedia. ISBN 978-3937107127. 
  5. «Artsdatabanken: Namnetre narrmarihand». Artsdatabanken. Henta 27. februar 2022. 
  6. «Artskart: Narrmarihand, registrerte funn etter 2010». Artsdatabanken. Henta 27. februar 2022. 
  7. «Forskrift om fredning av truede arter». Lovdata. 21. desember 2001. Henta 27. februar 2022. 
  8. «Raudlista: Narrmarihand». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 27. februar 2022. 
  9. «Artfakta: Anacamptis morio göknycklar». Artdatabanken. Henta 7. mars 2022. 
  10. «Naturbasen: Salepgøgeurt Anacamptis morio». Naturbasen. Henta 7. mars 2022. 
  11. «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022. 
  12. «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022. 
  13. «Scottish Biodiversity List». Scotland's Nature Agency / Buidheann Nàdair na h-Alba. 2020. Henta 9. mars 2022. 
  14. «A Vascular Plant Red Data List for Wales / Rhestr o Blanhigion Fasgwlaidd Data Coch ar gyfer Cymru» (PDF). Plantlife Wales. 2008. Henta 9. mars 2022. 
  15. «Ireland Red List No. 10: Vascular Plants» (PDF). National Parks & Wildlife Service. 2016. Henta 9. mars 2022. 
  16. «eElurikkus: Anacamptis morio» (estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 3. februar 2023. 
  17. «Latvijas daba: zalkšu dzegužpuķe» (latvisk). Enciklopēdija «Latvijas Daba». Henta 3. februar 2023. 
  18. Torleif Ingelög, Roger Andersson og Martin Tjernberg, red. (1993). Red Data Book of the Baltic Region (engelsk). Swedish Threatened Species Unit. Uppsala in co-operation with Institute of Biology, Riga. s. 25-68. ISBN 91-88506-00-2. Henta 3. februar 2023. 
  19. Zigmantas Gudžinskas, Mindaugas Ryla (2006). Lietuvos gegužraibiniai (Orchidaceae) – Orchids (Orchidaceae) of Lithuania (litauisk). Botanikos instituto leidykla. s. 52-53. ISBN 9986-662-28-1. Henta 3. februar 2023. 
  20. Valerijus Rašomavičius, red. (2021). Lietuvos raudonoji knyga / Red Data Book of Lithuania (PDF) (litauisk og engelsk). Aplinkos ministerija (Miljødepartementet). s. 393. ISBN 978-9955-37-230-1. Henta 3. februar 2023. 
  21. «PoWO: Anacamptis × alata». Plants of the World Online. Henta 28. januar 2023. 
  22. 22,0 22,1 Anne and Simon Harrap (2009). Orchids of Britain and Ireland (2. utg.). London: A & C Black. ISBN 978-1-408-10571-9. 
  23. «PoWO: × Anacamptorchis morioides». Plants of the World Online. Henta 28. januar 2023. 
  24. «Artfakta naturvård: Anacamptis morio x Orchis mascula göknycklar x Sankt Pers nycklar». Artdatabanken. Henta 25. januar 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]