Nasalert vokal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein nasalert vokal er anten (1) ein vokal som har blitt nasal (som ein diakron prosess) eller (2) ein vokal som er nasal (i ein synkron skildring). Det er vanleg i mange språk at det som på eitt historisk stadium er ein vokal plus ein nasal konsonant, på eit seinare historisk stadium er ein nasal vokal. Då reknar vi til vanleg med tre stadium:

Det er overgangen frå stadium 1 til stadium 2 som er nasalering. Overgangen frå stadium 2 til stadium 3 er bortfall av nasal konsonant.

Døme[endre | endre wikiteksten]

Nasalering av vokalar har skjedd i mellom anna fransk språkhistorie. Det ser vi når vi jamfører latin og moderne fransk:

  • Latin centum [ˈkentũ] 'hundre' > fransk cent [sã] 'hundre'
  • Latin cantare [kanˈtaːre] 'syngje' > fransk chanter [ʃãte] 'syngje'.