Nasaret Illit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°43′N 35°20′E
Nasaret Illit
נָצְרַת עִלִּית, ناصيرات عيليت (Nasirat Illit), الناصرة العليا (An-Nasira-l-ʻolya)
by
Green Stadium05.jpg
Våpenskjold
Namneopphav: Øvre Nasaret
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Nord
Koordinatar 32°43′N 35°20′E
Areal 32,52 km²
Folketal 40 800 (2009)
Folketettleik 1 255 / km²
Grunnlagd 1954–56
 - Bystatus 1974
Borgarmeister Shimon Gafsou[1]
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Nazareth Illit

Nasaret Illit (hebraisk נָצְרַת עִלִּית, Øvre Nasaret) er ein by i Det nordlege distriktet i Israel. Mot slutten av 2007 hadde han eit folketal på 40 800.[2] Nasaret Illit vart grunnlagd i 1957. Han var planlagt som ein jødisk by med utsyn over den arabiske byen Nasaret og Jezreeldalen.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Jezreeldalen frå Nasaret Illit.

Planlegginga av Nasaret Illit starta tidleg i 1950-åra då utviklingsbyar som Karmiel og Beit She'an vart grunnlagd. Det var økonomi- og tryggleiksårsaker for å utvikle ein by i denne regionen.[4]

Det vart ekspropriert ein parsell på kring 1,2 kvardratkilometer med land, kring halvparten innafor kommunegrensa til Nasaret, i 1954, basert på ei lov som gav løyve til eksproprieringar for offentlege føremål. Protestar mot denne handlinga gjekk heilt til høgsteretten i Israel, som i 1955 aksepterte orda til staten om at dei berre skulle reise statlege anlegg på landområdet. Det var då likevel avgjort at berre 109 dekar skulle setjast av til offentlege bygg, og resten skulle nyttast til bustadområde. Dei første husa var ferdige i september 1956 og dei første innbyggjarane flytta inn seinare det året.[5]

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Øvre Nasaret rådhus

I følgje SSB bestod folkesetnaden i 2001 av 91,0 % jødar og andre ikkje-arabarar og 9,0 % arabarar (2,3 % muslimar og 6,7 % kristne). I 1990-åra var Øvre Nasaret den byen i landet som utvikla seg raskast, med ein vekstrate på nesten 70 %. Nykomarar omfatta mellom andre emigrantar frå det tidlegare Sovjetunionen og Sør-Amerika, i tillegg til nokre unge par.[3] I 2012 utgjorde arabarane 17 % av dei 40 000 innbyggjarane i byen.[6]

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Strauss-Elite-fabrikken i Nasaret Illit.

Sjokoladefabrikken til Strauss-Elite tilset meir enn 600 arbeidarar.[7]

Forbod mot juletre[endre | endre wikiteksten]

I 2010 nekta borgarmeisteren Shimon Gapso å la dei kristne arabarane å setje opp juletre på byplassane i dei arabiske og muslimske bydelane, og sa at det var «provoserande» og at Nasaret Illit var ein jødisk by. Arabarane svarte at jødar, kristne og muslimar levde der i fred og at føremålet med å pynte eit tre var å spreie glede. Borgarmeisteren vart skulda for rasisme. Han fortalte ei lokal arabisk avis at om han ahdde vore til stades under kampane mellom israelarar og arabarar der i 2000, så hadde fleire arabarar vorte drepen.[8][9]

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Hapoel Nasaret Illit er det største fotballaget i byen. Dei rykka opp til den øvste divisjonen i 2003, men rykka ned at i 2006 til Liga Leumit, det nest øvste nivået, der dei spelar i dag.[10] Det andre fotballaget i byen, F.C. Nasaret Illit, spelar i Liga Gimel.

Basketball-laget i byen er Hapoel Nasaret Illit og spelar på det fjerde nivået i seriesystemet i Israel.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Nasaret Illit er venskapsby med:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. A message from the mayor
  2. «Table 3 - Population of Localities Numbering above 2,000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 30. september 2014. Henta 14. oktober 2014. 
  3. 3,0 3,1 A City with Character, Jerusalem Post
  4. G. Forman: Military Rule, Political Manipulation, and Jewish Settlement: Israeli Mechanisms for Controlling Nazareth in the 1950s, The Journal of Israeli History, Vol. 25, No. 2 (2006) 335-359.
  5. Forman, p349.
  6. Our Canadian friend, The Jerusalem Post
  7. Nazeret Illit
  8. Christmas trees 'provocative:' Nasaret suburb's mayor, AFP, Dec 22, 2010
  9. Christmas Trees Are Still Banned in Nasaret Illit, Rebecca Greenfield, The Atlantic Wire, Dec 20, 2011
  10. Om Nazeret Illit

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]