Nasebein
Nasebeina (lat. os nasale) er to avlange knoklar av varierande storleik og form, som ligg side om side i den øvre midtdelen av andletet. Begge knoklane har to overflater og fire grenser.
Struktur[endre | endre wikiteksten]
Overflater[endre | endre wikiteksten]
Den ytre overflata er konkavokonveks frå toppen til botnen og konveks frå side til side; den er dekt av procerus-muskelen og den transversale delen av musculus nasalis, og er perforert i midten av ein foramen, der ei lita vene passerer.
Den indre overflata er konkav frå side til side, og er kryssa frå topp til botn av eit spor for passasjen av ei grein av nervus nasociliaris.
Artikulasjonar[endre | endre wikiteksten]
Nasebeinet artikulerer med fire bein. To av dei ligg i hjerneskallen: pannebeinet og silbeinet; dei siste to ligg i andletsskjelettet: det motsette nasebeinet og overkjeven.
Fleire bilete[endre | endre wikiteksten]
Nasehòla sett frå sida, med silbeinet eksponert
Artikulasjonen mellom tåre- og nasebeina med overkjeven
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen har bygd inn tekst frå ei offentleg utgåve av Gray's Anatomy.
- Denne artikkelen bygger på «Nasal bone» frå Wikipedia på engelsk, den 6. desember 2014.