Nasi goreng

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nasi goreng.
Nasi goreng som del av ein hotellfrukost.

Nasi goreng (indonesisk og malayisk for 'steikt ris')[1] er ein indonesisk og malaysisk matrett laga av ris som er woksteikt saman med ingrediensar som egg, kylling, reker og grønsaker og smaksett med ketjap, rekepasta, peanøtter, chili, tamarind, kvitlauk og sjalottlauk.

Retten blir servert over heile Indonesia, frå gatekjøken til fine restaurantar og festar.[2] Han er blitt kalla nasjonalretten i landet.[3]

Nasi goreng blir tradisjonelt laga av kald kokt ris, og er som mange andre steikte risretter ein måte å bruka opp att restar på.[1] Han er ein gammal indonesisk frukostrett som ein kunne laga med ris frå dagen før og restar av ein kjøtrett med til dømes storfe eller kylling.[4]

Retten finst i mange ulike variantar som kan reflekterast i namnet. Nasi goreng ayam tyder til dømes 'steikt ris med kylling', nasi goreng udang kjem med reker og nasi goreng cumi-cumi blir servert med blekksprut.[1]

Om ein bytter ut risen med nudlar får ein bami goreng eller mee goreng (malayisk).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne matartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.