Nasjonal Raudliste 1998

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nasjonal Raudliste 1998 vart gitt ut av Direktoratet for naturforvalting i 1998 og er ei oversikt over artar som dei meinte hadde begrensa levedyktigheit i Noreg over tid.

Vurderingane var tufta på Den internasjonale naturvernorganisasjonen (IUCN) sine kriterie. Lista frå 1998 inneheld 3062 artar, som utgjer 20,9 % av 14 637 vurderte norske artar. Raudlista omfattar ikkje berre artar som er i tilbakegang i dag; ho kan også omfatte artar som er i framgang, men då ut frå ein tidlegare sterkt redusert bestand. Det er utarbeidd ei eige raudliste for fuglar og pattedyr på Svalbard.

I 2006 kom dei ei ny Norsk Raudliste 2006. Ho omfattar heile Noreg med Svalbard og havområda.

IUCN har sett opp ei global raudliste som gjeld heile verda.

Kriteria som vart brukt for raudlisting i 1998[endre | endre wikiteksten]

Verdas naturvernunion (IUCN) har utarbeidd kriteria for raudlisting i kategoriar. Direktoratet for naturforvalting tok utgangspunkt i dei internasjonale kategoriane frå 1988 og kom fram til desse kategoriar for den norske lista:

  • Utrydda (Ex - Extinct)
  • Direkte trua (E - Endangered) Artar som står i fare for å døy ut i næraste framtid om dei negative faktorane held fram.
  • Sårbar (V - Vulnerable) Sårbare artar med sterk tilbakegang,
  • Sjeldan (R - Rare) Sjeldne artar som ikkje er direkte trua eller sårbare, men som likevel er i ein utsett situasjon pga. liten populasjon eller med spreidd og sparsam utbreiing.
  • Fordrar stort omsyn (DC - Decling, care demanding species) Artar som ikkje høyrer til kategoriane E, V eller R, men som pga. tilbakegang krev spesielle omsyn og tiltak.
  • Må ha oppsyn (DM - Declining, monitor species) Kategorien omfattar artar som har gått tilbake, men som ikkje vert rekna som trua.

Talet på direkte trua artar (E) etter den nasjonale raudlista frå 1998[endre | endre wikiteksten]

Myrsnipe (Calidris alpina). Underarten Sørleg myrsnipe (schinzii) står på raudlista for Noreg. Foto: Marek Szczepanek

Oversyn etter organismegrupper:

Organismegruppe Tal
Sopp 87
Kransalgar 8
Busk- & bladlav 17
Mosar 65
Karplantar 33
Blautdyr i ferskvatn 6
Augestikkarar 6
Teger 1
Biller 28
Nettvenger 1
Vårfluger 1
Sommarfuglar 15
Årevenger 13
Amfibier 2
Fuglar 7
Pattedyr 2
Totalt 292

Direkte trua pattedyr og fuglar i Noreg etter den nasjonale raudlista frå 1998[endre | endre wikiteksten]

Pattedyr
Ulv Canis lupus
Fjellrev Alopex lagopus
Fuglar
Dverggås Anser erythropus
Åkerrikse Crex crex
Sørleg myrsnipe Calidris alpina schinzii
Nordleg sildemåke Larus fuscus fuscus
Sørleg gulerle Motacilla flava flava
Engelsk gulerle Motacilla flava flavissima
Hortulan Emberiza hortulana

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]