Nasjonal rassikringsgruppe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nasjonal rassikringsgruppe er ei samarbeidsgruppe for rasutsette fylke i Noreg. Gruppa vart vedteken oppretta i eit eige møte under Nasjonal rassikringskonferanse i Tromsø 14. mai 2001. Dei sju mest rasutsette fylka utnemner ein representant kvar til gruppa. Fylka som i dag er representerte i gruppa er: Finnmark, Troms, Nordland, Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland.[1]

Åshild Kjelsnes har vore leiar for Nasjonal rassikringsgruppe sidan 2006.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Heimeside Nasjonal rassikringsgruppe, arkivert frå originalen 11. januar 2014, henta 6. november 2012