Nasjonaldrikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Boba eller boblete, ein taiwansk nasjonaldrikk.

Ein nasjonaldrikk er ein drikk som er sterkt knytt til eit særskild land, og kan vera del av nasjonal identitet og sjølvbilde. Ein kan dela inn nasjonaldrikkar i alkoholdrikkar og leskedrikkar. Ein alkoholhaldig nasjonaldrikk kan vera eit nasjonalt brennevin som ein kan drikka ublanda (som med whiskey i Irland), men er som regel ein blanda drikk eller cocktail (som caipirinha i Brasil), eller øl eller vin. Nokre nasjonaldrikkar utan alkohol kan vera te for Kina, coca-cola for USA, lassi for India, maté for Uruguay og kompot for austeuropeiske land.

Ein drikk kan reknast som nasjonaldrikk av ulike grunnar:

  • Han er ein utbreidd drikk, laga av utvalde lokale råder som ein kan tilreia på ein særskild måte, som mango-lassi som nyttar dahi, ein tradisjonell jogurt frå Sør-Asia, og mango.[1]
  • Han inneheld ein særskild «eksotisk» ingrediens som blir laga lokalt.
  • Han blir servert som del av ei feiring eller høgtid som er del av kulturarva, som eggnog i USA i juletida.
  • Han er blitt promotert som ein nasjonaldrikk i eller av landet sjølv.

Nokre gonger kan fleire land ha same drikk som nasjonaldrikk, som pisco sour i Peru og Chile.

Europa kan delast inn i «alkoholbelte» der øl er tradisjonell drikk i land som Tyskland, Storbritannia og Irland, medan vin er vanleg i middelhavsland som Spania, Italia og Hellas. Fleire drikkar er felles for fleire slaviske land. Vodka er ein klar alkoholdrikk laga ved å destillera væska frå fermentert korn og potet. Land der vodka blir rekna som nasjonaldrikk er blitt kalla «vodkabeltet». Fruktbrennevin er utbreidd på Balkan, medan akevitt og brännvin er utbreidde i Skandinavia. Elles er kvass ein vanleg fermentert leskedrikk laga av rugrbød og drukken i mange slaviske og baltiske land. Kompot er ein annan drikk som tradisjonelt er blitt laga i same regionen ved å koka saman ulike typar frukt og bær og kan serverast varm eller kald, avhengig av årstid.

Lista over land og nasjonaldrikkar er kategorisert etter geopolitiske regionar tilpassa frå SN sine fem «regionale grupper».[2]

Amerika[endre | endre wikiteksten]

Nord-Amerika[endre | endre wikiteksten]

Caipirinha, den brasilianske nasjonaldrikken, er laga av cachaça, lime og sukker.
  • Flag of Canada (Pantone).svg Canada: Caesar er ein cocktail som oppstod i Calgary, og er utbreidd i heile Canada. Han minnar om ein bloody Mary og inneheld vodka, tomatjus, skjelbuljong, chilisaus og worcestershiresaus, og blir servert med is i eit glas med sellerisalt på toppen, typisk pynta med ein selleristilk og ein limebåt.[3]
  • Flag of the United States.svg USA: Coca-Cola er ein brus som opphavleg blei seld som patentmedisin. Namnet på drikken viser til to av dei opphavlege ingrediensane: kokablad og kolanøtter.[4]
  • Flag of Mexico.svg Mexico: Tequila er eit brennevin laga av blå agave, hovudsakleg i området rundt byen Tequila i den sentrale meksikanske delstaten Jalisco. I 2018 gjekk dei meksikanske styresmaktene inn for eit forslag om å markera den tredje laurdagen i mars som nasjonal tequiladag.[5]

Latin-Amerika[endre | endre wikiteksten]

Europa[endre | endre wikiteksten]

Klar vodka servert med sylta agurk, ein vanleg serveringsmåte i det slaviske «vodkabeltet».

Afrika[endre | endre wikiteksten]

Berele-glas med tej, ein mjød eller honningvin frå Etiopia.

Stillehavs-Asia[endre | endre wikiteksten]

Aust-Asia[endre | endre wikiteksten]

Klassisk kinesisk teservise og tre gaiwan
  • Flag of the People's Republic of China.svg Kina: Te har vore ein viktig del av kinesisk kultur i tusenvis av år. Den eldste kjende omtalen av te er funne i Kina, med moglege kjelder frå 900-talet f.Kr.[36][37]
Det kinesiske nasjonalbrennevinet baijiu (forenkla kinesisk 白酒, pinyin báijiǔ, bokstaveleg ‘white (clear) liquor’) er destillert frå fleire ulike kornslag, mellom anna ris, klistrete ris, kveite, bygg, sorghum og liknande.[38][39]
Sake, eller risvin, blir laga ved å fermentera polert ris.[8][9][10]

Søraust-Asia[endre | endre wikiteksten]

Iste er ein populær drikk i Thailand og fleire andre delar av verda.
Singapore Sling er ein gin-basert sling-cocktail som stammar frå Singapore. Han blei skapt før 1915 av kinesiskfødde Ngiam Tong Boon (forenkla kinesisk 严崇文, pinyin Yán Chóng-Wén) ved Long Bar i Raffles Hotel, og er rekna som nasjonalcocktailen til Singapore.
  • Flag of Thailand.svg Thailand: Thai-te er ein drikk laga av te, mjølk og sukker, og kan serverast varm eller kald. Han er populær i Søraust-Asia, og blir servert i mange restaurantar som tilbyr thaimat.[70] Ein annan svært populær drikk er Krating Daeng, ein energidrikk som først blei introdusert i 1976. På thai tyder daeng raud medan krating er eit stort vilt oksedyr frå Sør-Asia. Krating Daeng inspirerte den vestlege drikken Red Bull.

Oseania[endre | endre wikiteksten]

  • Flag of Australia.svg Australia: Lemon, lime and bitters blei omtalt som australsk nasjonaldrikk i ein artikkel frå ABC News i 2018.[71] Lemon, lime and bitters (LLB) er ein blanda drikk laga av limonade, lime-saft og Angostura. Lemonaden kan erstattast med sodavatn[71] eller sitronbrus. Han blei servert som eit alkoholfritt alternativ til pink gin (gin med Angostura).[71]
  • Flag of Fiji.svg Fiji: Kava er ofte rekna som uoffisiell nasjonaldrikk. På Fiji blri kava (også kalla grog og yaqona) drukken til alle tider på dagen, både i offentlege og private samanhengar. Kavadrikking er ein måte å ønska personar velkommen på, og er del av viktige sosiale og politiske høve. Begge kjønn drikk kava. Kava blir drukken for den avslappande verknaden sin i heile Polynesia, mellom anna Hawaii, Vanuatu, Melanesia og delar av Mikronesia.
  • Flag of Kiribati.svg Kiribati: Karewe er ein palmevin laga av toddy (sevje frå toddypalmen) på Kiribati.[72][9][10]
  • Flag of New Zealand.svg New Zealand: L&P
  • Flag of Tonga.svg Tonga: Kava er ein viktig drikk på Tonga, og kan kallast ein uoffisiell nasjonaldrikk. På Tonga er kava rekna på lik linje som alkohol og blir drukken om kvelden på ein kalapu (tongansk for 'klubb'), som også blir kalla ein faikava ('å gjera kava'). Berre menn har lov til å drikka kava, men kvinner som serverer drikken kan vera til stades.

Sør-Asia[endre | endre wikiteksten]

Den populære indiske drikken mango-lassi.

Sentral- og Vest-Asia[endre | endre wikiteksten]

Sentral-Asia[endre | endre wikiteksten]

Vest-Asia[endre | endre wikiteksten]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Caballero, B.; Finglas, P.; Toldra, F. (2015). Encyclopedia of Food and Health. Elsevier Science. s. 345–351. ISBN 978-0-12-384953-3. Henta 6. desember 2017. 
  2. «United Nations Regional Groups of Member States». Department for General Assembly and Conference Management. United Nations. Henta 5. mars 2019. 
  3. Graveland, Bill (14. mai 2009). «We stand on guard – for our favourite cocktail». Winnipeg Free Press. Henta 27. juni 2019. 
  4. Cheung, Tim (12. juli 2017). «World's 50 most delicious drinks». CNN Travel (på engelsk). Henta 17. mai 2019. 
  5. Woodman, Stephen. «Mexico's Senate Just Declared a New National Tequila Day». Culture Trip. Henta 28. juni 2019. 
  6. Nalewicki, Jennifer (March 15, 2019). «The Story Behind Bermuda's Rum Swizzle (Recipe)». Smithsonian. Henta 11 June 2019. 
  7. Jordan, Christina (October 25, 2017). «Cheers! Here's how to swizzle the national cocktail of Bermuda». Florida Today. Henta 11. juni 2019. The Rum Swizzle is probably the most well known swizzled cocktail. It’s the national drink of Bermuda and uses Bermuda Rum. 
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 8,4 Willett, Megan. «The Most Iconic Beverage In 80 Countries Around The World». Business Insider. Henta 20. mai 2019. 
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 9,4 «32 Official(ish) Drinks for Every Country Playing in the World Cup». Food & Wine (på engelsk). Henta 20. mai 2019. 
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 10,4 Rose, Jeremy (14. juni 2018). «The Signature Drink of Every Country in the World Cup Gallery». The Daily Meal (på engelsk). Henta 20. mai 2019. 
  11. «Genuine Curaçao Liqueur and Premium Blue Curaçao | Senior Curaçao Liqueur». www.curacaoliqueur.com (på engelsk). Henta 1. juli 2019. 
  12. «In Haiti, a rum everyone can agree on». Los Angeles Times (på engelsk). 9. februar 2010. ISSN 0458-3035. Henta 3. juli 2019. 
  13. «Bulgarian Archaeologists Discover 11th Century Rakia Distillation Vessel – Novinite.com – Sofia News Agency». www.novinite.com. Henta 16. juni 2019. 
  14. Joakim Persson (November 6, 2016). «Finnish Hartwall Original Long Drink now in Hong Kong». ScandAsia. Henta August 21, 2020. 
  15. 15,0 15,1 15,2 «32 Official(ish) Drinks for Every Country Playing in the World Cup». Food & Wine (på engelsk). Henta 19. mai 2019. 
  16. 16,0 16,1 16,2 Rose, Jeremy (14. juni 2018). «The Signature Drink of Every Country in the World Cup Gallery». The Daily Meal (på engelsk). Henta 19. mai 2019. 
  17. Cheung, Tim (12. juli 2017). «World's 50 most delicious drinks». CNN Travel (på engelsk). Henta 20. mai 2019. 
  18. Willett, Megan. «The Most Iconic Beverage In 80 Countries Around The World». Business Insider. Henta 19. mai 2019. 
  19. GUINNESS®. «Famous Brewer Expands with National Launch of GUINNESS® Black Lager». www.prnewswire.com (på engelsk). Henta 19. mai 2019. 
  20. «Why Guinness is less Irish than you think». The Economist. 16. mars 2014. ISSN 0013-0613. Henta 19. mai 2019. 
  21. Rix, Juliet (3. desember 2015). Malta and Gozo. ISBN 9781784770259. 
  22. «History of vodka production, at the official page of Polish Spirit Industry Association (KRPS), 2007» (på polsk). Arkivert frå originalen 30. september 2007. 
  23. «Porto wine – Made in Portugal». Portugal.com (på engelsk). Henta 21. juni 2019. 
  24. Schiessl, Courtney. «Portuguese Wines For Every Palate». Forbes (på engelsk). Henta 21. juni 2019. 
  25. Stein, Max (6. desember 2012). «Tuica – Romania's White Lightning». The Drinks Business. 
  26. Ermochkine, Nicholas and Iglikowski, Peter (2003). 40 degrees east: an anatomy of vodka, Nova Publishers, p. 65, ISBN 1-59033-594-5.
  27. Pokhlebkin V. V. / Похлёбкин В. В. (2007). The history of vodka / История водки. Moscow: Tsentrpoligraph / Центрполиграф. s. 272. ISBN 978-5-9524-1895-0. 
  28. «Populär punch». www.aperitifklubben.se. Henta 26. desember 2019. 
  29. «The Scotch Whisky Regulations 2009». www.legislation.gov.uk. Henta 12. juni 2019. 
  30. Brooks, Libby (30. mai 2007). «Scotland's other national drink». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. Henta 12. juni 2019. 
  31. 31,0 31,1 «59 national drinks from 59 awesome countries». Matador Network (på engelsk). Henta 20. mai 2019. 
  32. Alexander, Kevin (15. mars 2014). «World booze guide: The best things to drink in 43 countries». Thrillist. Henta 20. mai 2019. 
  33. Urban, Shilo. «The Art of Moroccan Mint Tea and How to Brew It». Organic Authority (på engelsk). Henta 31. juli 2019. 
  34. «How to Make the Perfect Pot of Moroccan Mint Tea». The Spruce Eats (på engelsk). Henta 31. juli 2019. 
  35. Studer, Nina (27. februar 2019). «In 1930s Tunisia, French Doctors Feared a 'Tea Craze' Would Destroy Society». Atlas Obscura. Henta 11. juni 2019. 
  36. «Tea». Encarta. Arkivert frå originalen 2008-03-08. Henta 23. juli 2008. 
  37. «Tea». The Columbia Encyclopedia Sixth Edition. 2001–07. Henta 23. juli 2008. 
  38. Zheng, Xiao‐Wei, et al. "Daqu—A traditional Chinese liquor fermentation starter." Journal of the Institute of Brewing 117.1 (2011): 82–90.
  39. Rong and Fa, Grandiose Survey of Chinese Alcoholic Drinks and Beverages, 2013, «Archived copy». Arkivert frå originalen 2014-07-29. Henta 29. mai 2015. 
  40. Hui, Sylvia (March 5, 2006). «'Pantyhose Tea' Has Leg Up in Hong Kong». The LA Times (på engelsk). Henta 28. august 2020. 
  41. Lao-Phillips, Jenny (22. juni 2017). «MADE IN MACAO: COFFEE, TEA OR BOTH?». Macau Daily Times (på engelsk). Henta 28. august 2020. 
  42. Jones, Edward (13. november 2018). «Who invented bubble tea? – Taipei Times». Taipei Times. Henta 11 June 2019. Surprisingly little is known for sure about the origin of Taiwan’s national drink 
  43. Tai, Gloria. «Bubble Tea». China Live. Henta 11 June 2019. It can almost be considered a national drink in Taiwan where it originated and took by storm in the 1980’s 
  44. Martin, Laura C. (2007). Tea: The drink that changed the world. Rutland: Tuttle Publishing. s. 219. ISBN 9780804837248. 
  45. Kita, Satoye (12. januar 2009). «OCHA: JAPAN'S NATIONAL DRINK». The Bulletin (på engelsk). Henta 27. august 2020. 
  46. «Airag – Fermented Mare's Milk – Mongolian Beverage». 
  47. Zeder, Melinda A. ed. (2006). Documenting Domestication: New Genetic and Archaeological Paradigms. University of California Press. s. 264. ISBN 0-520-24638-1. 
  48. Anderson 1988, s. 80.
  49. Shim, Elizabeth (18. juni 2019). «Pyongyang Soju selected national beverage of North Korea». UPI (på engelsk). ISSN 0261-3077. Henta 30. juli 2019. 
  50. Miller, Norman (2. desember 2013). «Soju: the most popular booze in the world». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. Henta 20. mai 2019. 
  51. «soju». Oxford Dictionary of English. Oxford University Press. Henta 14. april 2017. 
  52. «soju». Merriam-Webster Dictionary. Encyclopædia Britannica. Henta 22. november 2014. 
  53. Miller, Norman (2. desember 2013). «Soju: the most popular booze in the world». The Guardian. Henta 13. april 2017. 
  54. Park, Eun-jee (19. november 2014). «Koreans looking for weaker soju». Korea JoongAng Daily. Henta 14 April 2017. 
  55. Hall, Joshua (17. oktober 2014). «Soju Makers Aim to Turn Fire Water Into Liquid Gold». The Wall Street Journal. Henta 24 December 2014. 
  56. Archibald, Anna (27. august 2015). «Why You Should Be Drinking Korean Soju Right Now». Liquor.com. Henta 14. desember 2015. 
  57. «59 NATIONAL DRINKS FROM 59 AWESOME COUNTRIES». Matadornetwork. 22. august 2013. 
  58. Es teler
  59. Pat Tanumihardja (27. mai 2018). «Indonesia's delicious twist on avocados». The Week. Henta 21. august 2020. 
  60. «Disputes – International». CIA. Henta 4 January 2011. 
  61. «Lipton urges Malaysians to take pride in teh tarik, our national beverage». New Sabah Times. 7. september 2012. Arkivert frå originalen 2. juli 2014. Henta 6 November 2013. 
  62. Sally Everett (12 April 2016). Food and Drink Tourism: Principles and Practice. SAGE Publications. s. 301. ISBN 978-1-4739-6597-3. 
  63. «The cheapest alcohol in the world: Lao-Lao, Laos rice whiskey». www.priceoftravel.com. Henta 17. juli 2017. 
  64. Gora, Sasha (27. mars 2015). «Taking the Machismo and MSG Out of Myanmar's Tea Shops». Vice (på engelsk). Henta 20. oktober 2019. 
  65. Crane, Brent (20. oktober 2019). «The Underage Tea Boys of Myanmar». Vice. Arkivert frå originalen 2019-10-20. Henta 20. oktober 2019. 
  66. Tiu, Cheryl (9. juli 2014). «Revolution and rum: 18 drinks inspired by the Philippines». CNN (på engelsk). Henta 21. august 2020. 
  67. «Traditional Breakfast of Kaya and Kopi». www.roots.sg (på engelsk). Henta 19. mai 2020. 
  68. Aljunied, Khairudin (2014). «Coffee-shops in Colonial Singapore: Domains of Contentious Publics». History Workshop Journal 77: 65–85. doi:10.1093/hwj/dbt011 – via Oxford Academic. 
  69. Max Falkowitz (7. august 2012). «Snapshots from Singapore: A Guide to Singaporean Coffee» (på engelsk). Seriouseats.com. Henta August 21, 2020. 
  70. «History of Tea in Thailand». 
  71. 71,0 71,1 71,2 Kriewaldt, Kit (8 December 2018). «We drink more than 100 million a year and it's all ours». ABC News (på engelsk). Henta 8 December 2018. 
  72. Imperor, Rex (2. desember 2013). «Toddy: The national drink of Kiribati». Imperor, All about the monarchy (på engelsk). ISSN 0261-3077. Henta 30. juli 2019. 
  73. Bangladesh Tea Research Institute, Banglapedia
  74. «সিলেটের সাতরঙা চা এর রহস্য ভেদ, জানুন তৈরির নিয়ম» (på bengali). The Daily Prothom Alo. Arkivert frå originalen 4. mai 2017. Henta November 4, 2017. 
  75. «Making rainbows in a glass – seven-layer tea in Bangladesh». The Guardian. Henta November 2, 2017. 
  76. «Merak and Sakteng – The Land of Brokpas». Wind Horse Tours online. Arkivert frå originalen 2011-09-27. Henta 27. juli 2011. 
  77. «Lassi | beverage». Encyclopedia Britannica (på engelsk). Henta 15. juni 2019. 
  78. «5 Best Lassi Recipes: The Ultimate Summer Cooler from Punjab». NDTV Food. Henta 15. juni 2019. 
  79. Perry, Sara (August 2001). The New Tea Book: A Guide to Black, Green, Herbal and Chai Teas (på engelsk). Chronicle Books. ISBN 9780811830539. 
  80. Harish, Chef (22. august 2014). «Make fantastic filter kaapi». The Hindu (på engelsk). ISSN 0971-751X. Henta 15. juni 2019. 
  81. Ethnic Fermented Foods and Alcoholic Beverages of Asia, Front Cover By Jyoti Prakash Tamang, Springer, 5 Aug 2016 – Technology & Engineering – 409 pages, P.107
  82. «Nepal: Liquor». The Global Gourmet. Arkivert frå originalen 9. mars 2016. 
  83. «Sugarcane juice declared 'national drink' of Pakistan after Twitter poll». Hindustan Times. January 25, 2019. Henta 21. august 2020. 
  84. Bakirova, Elita (22. juni 2015). «Kyrgyzstan's fermented drink: a strong, salty national treasure». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. Henta 14. januar 2020. 
  85. Nadworny, Katie (6. juni 2019). «15 Things to Eat and Drink in Turkey». Fodors Travel Guide. Henta 11. juni 2019. Turkey’s national drink isn’t just a beverage—it’s an experience. A clear anise liquor that turns milky white with water and ice (sometimes referred to as “lion’s milk”) 
  86. Arditi, Talya (29. desember 2015). «How to drink raki, Turkey's signature drink». CNN Travel. Henta 11. juni 2019. Meet raki – otherwise known as Lion's Milk – the Turkish national drink made of twice-distilled grapes and aniseed. 
  87. Burch, Jonathon (27. april 2013). «Turkey's leader hits a nerve over country's "national drink"». Reuters. Henta 11. juni 2019. That is what Turkey’s often divisive prime minister did late on Friday when he pronounced that the national drink was not beer, nor the aniseed spirit raki – choice tipple of Turkey’s founding father – but the non-alcoholic yoghurt drink ayran. 
  88. Kanan, Onur (22. mai 2014). «Ayran, Turkey's favorite summer drink». Daily Sabah. Henta 11. juni 2019. Ayran, which is also known as the non-alcoholic national drink of Turkey, is made of yogurt, water and salt.