Nasjonale prøver

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nasjonale prøver i norsk skole er ei årleg landsomfattande kartlegging av norske grunnskoleelevar sine grunnleggjande ferdigheiter i lesing og rekning og i delar av faget engelsk. Prøvene er obligatoriske.

Føremål[endre | endre wikiteksten]

Føremålet med nasjonale prøver er å vurdere i kva grad skolen lykkast med å utvikle elevane sine ferdigheiter i lesing og rekning og i delar av faget engelsk. Prøvene i lesing og rekning tek derfor ikkje berre utgangspunkt i kompetansemåla i norsk og [[matematikk}}, men også i andre fag der måla for lesing og rekning er integrerte. Prøvene i engelsk skil seg frå dei to andre prøvene ved at dei tek utgangspunkt i kompetansemål i eitt fag.

Bakgrunn og innføring[endre | endre wikiteksten]

Nasjonale prøver vart innførte i grunnskolen våren 2004 etter eit forslag frå det regjeringsoppnemnde Kvalitetsutvalget i delinnstillinga Førsteklasses fra første klasse om kvalitetsvurdering og kvalitetsutvikling i grunnopplæringa (14. juni 2002). Det vart gjennomført nasjonale prøver i to omgangar våren 2004 og våren 2005. Arbeidet med prøvene vart evaluert, og det vart peikt på fleire forbetringspunkt. På bakgrunn av dette og tilrådingar frå evalueringa vedtok regjeringa 27. mars 2006 eit nytt grunnlag for å utarbeide og gjennomføre nasjonale prøver, og i 2007 starta prøvene opp i ei ny form. Prøvene er laga på bakgrunn av kompetansemål i læreplanane etter 4. og 7. steget. Nasjonale prøver i lesing og rekning blir gjennomførte på 5., 8. og 9. steget. Elevane på 9. steget gjennomfører same prøve som elevane på 8. steget, slik at det er mogleg for skolane å samanlikne resultata på desse to stega. Nasjonale prøver i engelsk blir gjennomførte på 5. og 8. steget. Dei nasjonale prøvene i engelsk og rekning er elektroniske, mens lesing er papirprøve. [1]

Motførestellingar[endre | endre wikiteksten]

Stortingsvedtaket i 2003 om å innføre nasjonale prøver hadde støtte frå alle partia, men dei raud-grøne partia SV, DNA og Sp skreiv ein eigen merknad der dei uttrykte uro omkring offentleggjeringa. Prøvene vart like fullt møtte med motførestellingar frå lærarar og enkelte elevorganisasjonar. Under den første omgangen med prøver i 2004 skjedde det boikott, og under den siste avviklinga i 2005 også sabotasje, der skoletilsette med tilgang til prøvene i enkelte tilfelle sytte for at dei på førehand vart kopierte og lagde ut på Internett av gruppa Elevaksjonistene. Hovudargumenta mot prøvene var mellom anna:

  • Frykt for at offentlggjering av resultata for enkeltskolar kunne skape vinnarar og taparar. Resultatet kan bli ein trend der kvalitetsforskjellar blir forsterka heller enn utjamna.
  • Prøvene vart oppfatta som svært ressurskrevjande for den enkelte skole og lærar. Det vart hevda at bruken av ressursar på nasjonale prøver gjekk på bekostning av den daglege undervisninga.
  • På eit fagleg nivå protesterte lærarorganisasjonar mot det dei oppfatta som ei nedvurdering av pedagogiske fagkunnskapar, og dei meinte skolen vart innretta mot ei inndrilling av målbare kunnskapar.
  • Gjennomføringa av prøvene vart av Elevorganisasjonen oppfatta som udemokratisk. Andre elevinteresseorganisasjonar, som Elevenes Hovedforbund, støtta derimot gjennomføringa av prøvene.

Tilgang til prøveresultata[endre | endre wikiteksten]

Resultata frå nasjonale prøver blir presenterte ved hjelp av gjennomsnitt, standardavvik (spreiing) og som prosentfordeling på ein skala med tre nivå for 5. steget og fem nivå for 8. steget. Elevane blir fordelte på dei ulike mestringsnivåa etter den poengsummen dei får på prøvene. I og med at det berre er elevar i norsk skole som deltek i nasjonale prøver, gir ikke resultata svar på om ferdigheitene til norske elevar har nærma seg nivået til elevane i andre land. Dei nasjonale prøvene gir heller ikkje grunnlag for å seie noko om elevane på 5. og 8. steget er blitt betre eller dårlegare til å lese og rekne frå eit år til eit anna. Resultata for skolen er tilgjengelege for skoleleiaren, mens lærarane berre har tilgang til resultata for eigne elevgrupper. Det er ikkje lagt til rette for å offentleggjere resultata på skolenivå. Endringar i elevgrunnlaget frå eit år til eit anna kan få mykje å seie for resultata på ein liten skole eller i ein liten kommune. Nokre få elevar med veldig svake eller sterke resultat kan gi eit stort utslag for skolen som heilskap. Kvaliteten på skolen sin innsats kan derfor ikkje berre målast gjennom resultata frå nasjonale prøver. Endringar i resultata frå år til år må relaterast til det skolen elles veit om elevane og andre forhold som har noko å seie for resultata. [1] [2]

Referanser[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]