Nasjonalforsamlinga i Wales

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nasjonalforsamlinga i Wales
National Assembly for Wales
Cynulliad Cenedlaethol Cymru
Kammer1
Historie
Grunnlagd1999
Leiarskap
Representantar60
Møtestad
Senedd 3.JPG
Cardiff
Debating chamber, Y Senedd - geograph.org.uk - 1375999.jpg

Nasjonalforsamlinga i Wales (walisisk Cynulliad Cenedlaethol Cymru, engelsk National Assembly for Wales) er ei folkevald forsamling med lovgjevande makt i Wales. Ho held til i Senedd-bygningen i Cardiff.

Forsamlinga har seksti medlemmer, kjende som Assembly Members (AM) eller Aelod y Cynulliad. Dei blir valde for fireårsperiodar, med førti valde ut frå geografiske krinsarr med fleirtalsval og tjue frå fem regionea der ein nyttar høvestalsval for å få proporsjonal representasjon.

Opprettinga fann stad som følgje av devolusjon, ein prosess der landa som utgjer Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland har fått aukande grad av sjølvstyre. Forsamlinga blei vedtatt oppretta gjennom ei folkerøysting i 1997, og formelt oppretta gjennom Government of Wales Act 1998. Den første sesjonen opna i 1999. Då hadde forsamlinga ikkje rett til å laga eigne lovar, berre reglar. Gjennom loven Government of Wales Act 2006 fekk nasjonalforsamlinga lovgjevande myndigheit på dei områda der lovgjevingskompetansen ligg hjå walisiske styesmakter. Desse områda er helse, utdanning, økonomisk utvikling, transport, miljø, jordbruk, lokale styresmakter og nokre skattar. Etter ei ny folkerøysting i 2011 blei makta utvida til å laga lovar utan å konsultera det britiske parlamentet eller den britiske ministeren for Wales.[1]

Lovverk frå januar 2020 utvida røysteretten til forsamlinga til å gjelda personar over 16 år, medan namnet på forsamlinga blir Welsh Parliament på engelsk og Senedd Cymru på walisisk frå 6. mai 2020.[2]

Lovar som vedkjem heile kongeriket blir framleis vedtekne i Det britiske parlamentet, og både ministeren for Wales i den britiske regjeringa og Det britiske parlamentet har vetorett i høve til forsamlinga.

Presidentar i forsamlinga[endre | endre wikiteksten]

Bilete Namn
(fødd–)
Embetstid Parti Merknad
Presidentar
Dafydd Elis-Thomas 2011.jpg Lord Elis-Thomas
(1946–)
12. mai 1999–11. mai 2011 Plaid Cymru Gjenvald i 2003 og 2007
Rosemary Butler at The Celebration of the Mace.jpg Dame Rosemary Butler
(1943–)
11. mai 2011–11. mai 2016 Labour
Elin Jones 2011.jpg Elin Jones
(1946–)
11. mai 2016– Plaid Cymru

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Wales says Yes in referendum vote». BBC News. 4. mars 2011. 
  2. «Bill to introduce new name and lower voting age becomes an Act». National Assembly for Wales (på engelsk). 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]