Nasjonalheltordenen på Jamaica

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ordensband til å ha om halsen
Ordensband til å ha om kroppen

Nasjonalheltordenen (engelsk The Order of National Hero) på Jamaica er ein æresorden av høgaste rang i landet, innstifta i 1969. Ordenen løner dei mest framståande innsatsane for landet utført av jamaicanarar.[1] Ordenen kan tildelast posthumt eller når nokon trekk seg tilbake frå offentleg virke.[2]

Nasjonalheltordenen har rang som den fremste i det jamaicanske ordensvesenet, framfor Nasjonsordenen. Generalguvernøren på Jamaica er ordenskanslar.[3] Nasjonalheltordenen har ein klasse, medlem.[1]

Mottakarar av ordenen har rett til å bera insignia for han, og får tittelen The Right Excellent.[4] Dei er også tradisjonelt blitt æra med ein gravstad eller anna minnesmerke i National Heroes Park, og med ein plakett eller våpenskjold på ei prominent nasjonal stad, som Institute of Jamaica.[2]

Ordenen vart innstifta den 18. juli 1969 gjennom loven National Honours and Awards Act, som vart vedteken av det jamaicanske parlamentet. Denne loven utnemnde også Paul Bogle, George William Gordon og Marcus Garvey som dei tre første mottakarane.[2]

Insigniar[endre | endre wikiteksten]

Ordensteiknet for Nasjonalheltordenen er ei kvitemaljert stjerne med fjorten takkar, kvar med ei gullkule i spissen. Midtmedaljongen er i svart emalje og har det jamaicanske riksvåpenet i gull. Han er omgjeven av ein grønemaljert bord med innskrifta «HE BUILT A CITY WHICH HATH FOUNDATION».[5] Dette er mottoet til ordenen, basert på kapittel 11, vers 10, i Brevet til hebrearane, der det i nynorsk omsetjing står: «For han venta på byen med dei faste grunnvollane, den som har Gud til byggmeister og skapar.»[6]

Ordensteiknet er opphengd i bandet i ein grønemaljert krans plassert mellom dei to øvste takkane.[5] Det blir bore i eit band om halsen. Fargane er grønt, gult og svart, dei same som i det jamaicanske flagget. Ordensbandet til å bera over brystet er gult, med ei svartkanta grøn midtstripe.

Tildeling[endre | endre wikiteksten]

Nasjonalheltordenen blir tildelt for særskild framståande innsats for Jamaica. Ordenen kan gjevast til personar som er fødde på Jamaica eller som var jamaicanske borgarar då dei døydde. Tildeling skjer ved generalguvernøren.[3]

Sentrale politiske leiara frå den jamaicanske sjølvstendekampen og i dei første åra som sjølvstendig stat er utnemnde til medlemmar av ordenen, som Alexander Bustamante og Norman Manley.[7]

Ein har også utnemnd viktige historiske personar til ordenen posthumt: Nanny of the Maroons (død kring 1740), leiar for rømde slavar (maroonar) som kjempa mot britane, den religiøse og politiske leiaren Sam Sharpe (død 1832), forretningsmannen og politikaren George William Gordon (avretta 1865), presten og opprøraren Paul Bogle (avretta 1865) og journalisten, forretningsmannen og menneskerettsaktivisten Marcus Garvey (1887–1940).[7]

Mottakarar[4][endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Order of National Hero», Jamaica Information Service.
  2. 2,0 2,1 2,2 «National Honours and Awards"». Jamaica's Ministry of Foreign Affairs & Foreign Trade. Henta 13. april 2006. 
  3. 3,0 3,1 National Honours and Awards Act — 1969 Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine., justisdepartementet på Jamaica.
  4. 4,0 4,1 "National Awards of Jamaica", Jamaica Information Service, accessed May 12, 2015.
  5. 5,0 5,1 «Jamaica» i Guy Stair Sainty og Rafal Heydel-Mankoo: World Orders of Knighthood and Merit, andre bind, Buckingham: Burke's Peerage & Gentry, 2006, s. 1251–1252.
  6. «Brevet til hebrearane». bibel.no. 
  7. 7,0 7,1 «National Heroes», Jamaica Information Service.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]