Nasjonalitetsmerke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dansk bilskilt med nasjonalitetsmerke.
Norsk bilskilt med nasjonalitetsmerke.

Eit nasjonalitetsmerke er eit merke som alle sivilfly og motorkøyretøy må ha i internasjonal trafikk. På fly skal merke vere synleg på minst to stader. I tillegg må det vere etterfølgt av ein bokstav, ei siffergruppe eller ein kombinasjon av bokstavar og tall. På motorkøyretøy skal merke bestå av éin til tre store bokstavar og vere festa bak på køyretøyet. Den europeiske unionen (EU) har innført eit system der nasjonalitetsmerke er ein del av registreringsskiltet. Det er plassert på venstre side av skiltet og består av ein blå stripe med landskoden nedst og det europeiske flagget over. Fleire europeiske land som ikkje er medlem i EU nyttar òg denne typen merke, men då med sitt eige flagg over landskoden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]