Sierra Nevada nasjonalpark i Venezuela

Koordinatar: 8°34′00″N 70°42′00″W / 8.56667°N 70.70000°W / 8.56667; -70.70000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

8°34′00″N 70°42′00″W / 8.56667°N 70.70000°W / 8.56667; -70.70000

Sierra Nevada nasjonalpark i Venezuela
nasjonalpark
Pico Bolivar i Sierra Nevada
Land  Venezuela
delstatane Mérida, Barinas
Høgd 2 600 - 5 300 m
Areal 276 km²
Grunnlagd 1952
Styre Instituto Nacional de Parques
Kart
Sierra Nevada nasjonalpark i Venezuela
8°34′00″N 70°42′00″W / 8.56666667°N 70.7°W / 8.56666667; -70.7
Wikimedia Commons: Sierra Nevada de Mérida

Sierra Nevada nasjonalpark i Venezuela ligg i Andes i delstatane Mérida og Barinas i den vestlege delen av landet. Arealet er ca. 276,5 kvadratkilometer. Han vart oppretta 2. mai 1952 og blei den andre nasjonalparken, etter Henri Pittier nasjonalpark, den første venezuelanske nasjonalparken etablert 15 år tidlegare.

Sierra Nevada er eit område av økologisk tyding for Venezuela, for vern av økosystemet til dei høgstliggande område i landet, det inkluderer det høgste fjellet i landet, Pico Bolívar på 4978 moh.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

I byrjinga dekte parken eit areal på 190 000 hektar som blei utvida til 276 446 hektar den 14. august 1985. Av dette er to tredelar innanfor delar av seks kommunar i delstaten Mérida og ein tredel av totalarealet ligg innanfor tre kommunar i Barinas.

Sierra Nevada nasjonalpark dekker ein av dei to utlauparane av Cordillera de Mérida i Andes i Venezuela, med dei mest høgtliggande fjelltoppane i landet, Pico Bolívar, Humboldt (4942 moh.), La Concha (4922), Bonpland (4883), Espejo (4880), León (4740), El Toro (4729) og Mucuñuque (4609).

Sierra Nevada er skild frå Sierra La Culata i nord, det andre fjellmassivet av Andesfjella, ved nedsenkinga av Chama-elva gjennom byen Mérida, i nordaust er han avgrensa av elva Santo Domingo, i strekket frå Laguna de Mucubají til dammen José Antonio Páez. I sørvest dannar elva Nuestra Señora grensa til parken.

Ein finn to store fjellkjeder i Sierra Nevada nasjonalpark, dette er Sierra Nevada de Mérida og Sierra de Santo Domingo, som begge er prega av høge tindar, isfall og elver. Delar av nedslagsfeltet i parken drenerer via Chama-elva, ho strøymer først i sørvestleg retning, deretter nord og ned i Maracaibosjøen. Aust for vasskiljet, vesentleg i delstaten Barinas, vil vatnet finne vegen mot Orinoco-bassenget, mellom anna via elva Santo Domingo som flyt gjennom byen Barinas.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Sierra Nevada har to årstider, ein periode med maksimal nedbør konsentrert mellom mai og oktober og ein tørrare periode mellom desember og mars. Nedbør som snøfall er hyppige mellom juli og september og sporadiske resten av året på dei høgste toppane.

Med dei store høgdvariasjonane gjennom parken følgjer vidt omfang i årleg gjennomsnittleg temperatur frå 26 °C i dei nedre områda, ca. 400 moh., og ned til -5 °C på dei høgste toppane over 4900 moh.

Fauna[endre | endre wikiteksten]

Ein av dei største dyreartane som finst i parken er brillebjørnen, i tillegg til å vere den einaste representanten for bjørnefamilien Ursidae i Andes er han ein av dei truga artane i parken.

Av andre artar kan nemnast kvithalehjort, puma, nasebjørnar, nordleg tigerkatt og jaguar. Storfe og hestar kan treffast i området. Blant fuglane i parken finn ein nordhjelmhokko, andeshokko, krøllketsal, masketrogon og høvdingvåk.

Tilgjenge[endre | endre wikiteksten]

Det meste populære tilgjenget til parken er via kabelbanen frå byen Mérida som bringer passasjerar over eit strekk på 12,5 kilometer opp til Pico Espejo, på 4765 moh. Ein annan inngang til nasjonalparken er vegen gjennom landsbyen Tabay, og vidare gjennom La Mucuy Alta, begge nordaust for Mérida.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]