Nasjonalsong

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Generalane de Gaulle og Mast i givakt under framføring av Marseillaisen i 1943.

Ein nasjonalsong eller fedrelandssong er den offisielle songen til ein stat eller ei folkegruppe. Songen uttrykkjer gjerne nasjonalkjensle og stoltheit over gruppa han høyrer til, kjærleik til sjølve landet, eller minner om ei eller fleire hendingar som samla nasjonen.

Nasjonalsongar blir ofte framførte ved høgtidelege nasjonale høve, som på nasjonaldagar. I nokre land blir dei spelte dagleg, over radio, fjernsyn eller offentlege høgtalarar, eller føre kinoframsyningar. Det er vanleg å visa ei respekt for nasjonalsongar, til dømes ved å reisa seg når dei blir spelte, eller stå i givakt viss ein høyrer til militæret.

Dei fleste land har fått nasjonalsong i samband med framveksten av nasjonalstaten på atten- og nittenhundretalet, og etter kvart som land har fått sjølvstende. Den eldste bruken av ein nasjonalsong er den nederlandske «Wilhelmus van Nassouwe», som blei skriven og brukt under Åttiårskrigen. Som «God Save the Queen», ein annan gammal nasjonalsong, er denne songen tileigna ein monark heller enn eit land.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Noter og tekst til den japanske nasjonalsongen «Kimigayo».

Nasjonalsongar er ein vestleg tradisjon som har spreidd seg til heile verda. Som regel lagar land nye songar i same stilen som dei europeiske songane, sjølv om dei ikkje har den same orkestermusikktradisjonen. Berre ei handfull ikkje-europeiske land har vald ein nasjonalsong med røter i sin eigen musikktradisjon, til dømes Iran, India, Sri Lanka, Burma og Japan, med «Kimigayo», den nasjonalsongen i verda som går lengst tilbake i tid.

Svært få nasjonalsongar har musikk frå kjende komponistar. Den kjende franske «Marseillaisen» blei skriven av elles ukjende Claude Joseph Rouget de Lisle, melodien til USA sin nasjonalsong «The Star-Spangled Banner» kom frå drikkevisa «To Anacreon in Heaven» av den anonyme engelskmannen John Stafford Smith, og Rikard Nordraak, som tonesette «Ja, vi elsker», blei verken gammal eller velkjend.

Nokre land har likevel musikk av store komponistar. Mozart stod for den austerrikske melodien, Josef Haydn sørgde for den tyske, medan Charles Gounod komponerte songen for Vatikanstaten.

Musikken i songane skal vera enkel nok til å spelast og syngjast, og er derfor sjeldan av stor musikalsk interesse. Nokre songar som likevel kan nemnast er den sovjetiske nasjonalsongen og EU sin unionssong, «Ode til gleden» av Beethoven.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Nasjonalsongar har gjerne innhald som kan kallast platt og pompøst. Det er sjeldan store diktarar som har stått for innhaldet, sjølv om det finst unntak: Nobelprisvinnarane Rabindranath Tagore skreiv orda både til den indiske og den bangladesjiske nasjonalsongen medan Bjørnstjerne Bjørnson stod for teksten til den norske.

Val av nasjonalsong[endre | endre wikiteksten]

Medan innbyggjarane i nokre land knyter sterke kjensler til nasjonalsongen sin, er det andre som ikkje er nøgde med valet. Nokre stader finst rørsler mot bruken av utdatert orkestermusikk og store, tomme ord. I Australia ønskjer til dømes mange innbyggjarar å byta ut den offisielle nasjonalsongen «Advance Australia Fair» med den populære folkesongen «Waltzing Matilda». Også i Storbritannia meiner mange at «God Save the Queen» ikkje gjev dei den same nasjonalkjensla som skotske «Flower of Scotland» eller engelske «Jerusalem»

Ein del land har fleire songar som kan kallast nasjonalsongar, men oftast er berre ein av dei godkjent av styresmaktene i landet som den offisielle nasjonalsongen.

Nasjonalsongar[endre | endre wikiteksten]

Land Songtittel
Noreg Ja, vi elsker dette landet
Sverige Du gamla, du fria
Danmark Der er et yndigt land (folkeleg) og
Kong Christian stod ved højen mast (nasjonal)
Island Lofsöngur
Færøyane Tú alfagra land mítt
Storbritannia, England og Nord-Irland God Save the King/Queen
Skottland Flower of Scotland
Irland Amhrán na bhFiann
Wales Hen Wlad fy Nhadau
Russland Hymne til den russiske føderasjonen
Tyskland Das Lied der Deutschen
Nederland Wilhelmus van Nassouwe
Belgia La Brabançonne
USA The Star-Spangled Banner
Canada O Canada
Litauen Tautiška giesmė
Latvia Dievs, svētī Latviju
Romania Deşteaptă-te, române! (i dag), Trei culori (tidlegare)
Polen Mazurek Dąbrowskiego
Tsjekkia Kde domov můj
Slovakia Nad Tatrou sa blýska
Ungarn Isten áldd meg a magyart
Israel Hatikvah
Dominica Isle of Beauty, Isle of Splendour
Spania Marcha Real
Portugal A Portuguesa
Frankrike La Marseillaise
Australia Advance Australia Fair
Brasil Hino Nacional Brasileiro

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Nasjonalsong