Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdforskning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Nasjonalt senter for læringsmiljø og åtferdsforsking (Læringsmiljøsenteret) blei oppretta 1. januar 2013, då Senter for åtferdsforsking (SAF) og Lillegården kompetansesenter blei slått saman. Senteret er ei eining ved det Humanistiske fakultetet ved Universitetet i Stavanger, og har ei avdeling i Stavanger og ei i Porsgrunn.

Læringsmiljøsenteret skal bistå nasjonale utdanningsstyresmakter med råd og tenester, bidra til å realisera satsingane til staten i utdanningspolitikken gjennom kompetanseutvikling og bidra til auka kvalitet i læringsmiljø for barnehagebarn, elevar, lærlingar og vaksne. Dette skal gjerast gjennom fagleg utvikling, forsking, utadrettet verksemd og undervising.

Læringsmiljøsenteret er eit av fleire nasjonale senter innanfor utdanning.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Forskingsprosjekt