Nat Lofthouse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nat Lofthouse

Nat Lofthouse statue.jpg

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 27. august 1925
Bolton
Død

15. januar 2011 (85 år)
Bolton

Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1954

Utmerkingar

offiser av Den britiske imperieordenen

Nathaniel Lofthouse (27. august 192515. januar 2011) var ein engelsk fotballspelar frå Bolton som spelte på Bolton Wanderers frå 1946 til 1960. Han var senterløpar.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Lofthouse fekk sin ligadebut for Bolton 21. august 1946, då seriefotballen i England tok til att etter verdskrigen 1939-45. I hans aktive tid tok Bolton seg til finalen i FA-cupen i 1953 og 1958. 1953-finalen mot Blackpool enda med tap. Fem år seinare skåra han begge måla då Bolton slo Manchester United 2–0 i FA-cupfinalen 1958. Han spelte i alt 452 ligakampar og skåra 285 mål for Bolton.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Frå november 1950 til november 1958 spelte han 33 kampar med det engelske flagget på brystet. Han var ein særleg flittig målskyttar med heile 30 nettkjenningar. I sitt einaste internasjonale meisterskap, VM i fotball 1954, skåra han tre gongar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]