Natalia Barbu
Natalia Barbu | |||
![]() | |||
Fødd | 22. august 1979 (45 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Bălţi | ||
Opphav | Moldova | ||
Aktiv | 2001– | ||
Sjanger | poprock | ||
Instrument | fiolin, vokal | ||
Plateselskap | Sony BMG | ||
Verka som | songar | ||
Prisar | People's Artist of the Moldovan SSR |
Natalia Barbu (fødd 22. august 1979 i Bălți) er ein moldovsk songar og låtskrivar. Ho er mest kjend for å ha representert Moldova i Eurovision Song Contest 2007, med songen «Fight», og i 2024 med songen «In the Middle».
Musikkarriere
[endre | endre wikiteksten]Gjennom heile sin karriere har Barbu samarbeidd med ei gruppe musikarar kalla Trigon på eit alternativt jazz-folk-eksperiment. Ho skriv sine eigne tekster, komponerer musikken til dei fleste av songane sine, og samarbeider om arrangementa med crewet sitt.
I 2006 signerte Barbu ein treårskontrakt med plateselskapet Cat Music Records (Sony Music).
Barbus største suksess har vore utgjevinga av singelen «Îngerul meu» i Romania. Songen låg 11 veker på fyrsteplassen på den rumenske topp 100-lista, og blei mykjee spelt på MTV Romania.[1]

Den 14. desember 2006 blei Barbu vald til å representere Moldova i Eurovision Song Contest 2007 med songen «Fight».[2] I Eurovision Song Contest kvalifiserte ho seg frå semifinalen 10. mai 2007 og enda til slutt på 10.-plass i finalen 12. mai 2007, med 109 poeng.[3]
I 2012 byrja Barbu å samarbeide med musikkprodusent Radu Sirbu og låtskrivar Ana Sirbu (Sianna) ved plateselskapet Rassada Music. På slutten av sumaren gav Barbu ut singelen «I Said It's Sad», som ho uttala var ei stor stilendring for ho. Den nye songen nådde fyrsteplassen på Topp 10 Airplay Moldova. Seinare i 2012 gav ho ut «Iubire Cu Aroma De Cafea» og «Confession», som ho deltok med i den rumenske nasjonale utveljinga til Eurovision Song Contest 2013.[4]
Barbu var blant deltakarane som deltok i Etapa națională 2024, den moldovske uttakinga til Eurovision Song Contest 2024, med songen «In the Middle».[5] Ho enda på fyrsteplass i audition-runda 13. januar 2024 og kvalifiserte seg til finalen.[6][7] Der blei ho vald ut til å representere Moldova i Eurovision Song Contest i Malmö.[8] Under konkurransen klarte ikkje songaren å kvalifisere seg frå den fyrste semifinalen 7. mai 2024, etter å ha blitt nummer 13 av 15 deltakarar, med 20 poeng.[9]
Privatliv
[endre | endre wikiteksten]I 2011 gifta Barbu seg med ein rumensk forretningsmann og bur for tida saman med han i Romania.[10] Dei har eit barn saman.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Natalia Barbu 2007 at ESC, arkivert frå originalen 22. desember 2007, henta 13. mai 2009
- ↑ Viniker, Barry (14. desember 2006), «Exclusive: It's Natalia Barbu For Moldova», Esctoday.com, arkivert frå originalen 4. mars 2016, henta 8. juni 2013
- ↑ Eurovision Song Contest 2007 Final, EurovisionSong Contest, arkivert frå originalen 27. mai 2015, henta 7. juni 2013
- ↑ Rassada Music: Bio of Natalia Barbu, arkivert frå originalen 1. februar 2014, henta 28. mars 2013
- ↑ Farren, Neil (26. desember 2023), «Moldova: Etapa Națională 2024 Audition Participants Revealed», Eurovoix, arkivert frå originalen 26. desember 2023, henta 26. desember 2023
- ↑ Etapa audițiilor live Eurovision 2024: punctajul acumulat de către concurenți [The Eurovision 2024 live audition stage: the scores obtained by the contestants] (på rumensk), TRM, 17. januar 2024, arkivert frå originalen 17. januar 2024, henta 17. januar 2024
- ↑ Farren, Neil (13. januar 2024), Moldova: Etapa Națională 2024 Finalists Selected, arkivert frå originalen 9. mars 2024, henta 13. januar 2024
- ↑ «Finala Națională Eurovision 2024. Natalia Barbu va reprezenta Republica Moldova pe scena de la Malmo» [Eurovision 2024 National Final. Natalia Barbu will represent the Republic of Moldova on the Malmo stage], TRM, 17. februar 2024, henta 20. februar 2024
- ↑ Sturtridge, Isaac. «REVEALED: The Eurovision 2024 semi-final and final jury/televote detailed voting results». ESCXTRA (på engelsk). Arkivert frå originalen 15. mai 2024. Henta 14. mai 2024.
- ↑ Granger, Anthony (5. januar 2013), «Romania: Natalia Barbu Wants To Represent Her New Home», Eurovoix, arkivert frå originalen 13. september 2014, henta 12. september 2014
- Denne artikkelen bygger på «Natalia Barbu» frå Wikipedia på bokmål, den 3. mars 2025.