Natalija Morskova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Natalija Morskova
Statsborgarskap Sovjetunionen, Spania
Fødd 17. januar 1966
Rostov-na-Donu
Idrett handball
Yrke handballspelar

Natalija Gennadijevna Morskova, fødd Kirtsjik, (fødd 17. januar 1966) er ein sovjetisk-spansk tidlegare handballspelar frå Rostov-na-Donu i Russland som vart verdsmeister med Sovjetunionen i 1986 og 1990 og vann OL-bronse både i 1988 og 1992.

Morskova var ein hardtskytande rykkromspelar som var aktiv i heimlege Rostselsmasj Rostov frå 1983 til 1991, eit lag som vann Cupvinnarcupenn 1990 og vart sovjetmeister i 1990 og 1991. Ho flytta i 1991 til Spania og spelte dei neste 14 år på Mar Valencia. Med Mar Valencia vann ho Meisterligaen 1997 og 11 nasjonale seriemeistertitlar og 9 cupmeisterskap med.

Morskova deltok på Sovjetunionen sitt landslag under VM 1986, OL 1988, VM 1990, OL 1992 og VM 1993. Både i 1986 og 1990 gjekk landet heilt til topps i turneringa, medan det tok bronse både i Sommar-OL 1988 i Seoul og Sommar-OL 1992 i Barcelona. Morskova fekk plass på All Star-laget i VM 1986 og OL 1992. I 1998 vart ho spansk statsborgar og representerte Spania i 49 landskampar fram til 2002, ho skåra då i alt 396 mål, nokre av dei i Handball-VM 2001.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]