Natalja Sjikolenko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Natalja Sjikolenko
Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 1. august 1964 (59 år)
Andizjan
Yrke spydkastar, friidrettsutøvar
Høgd 182 centimeter

Natalja Ivanovna Sjikolenko (fødd 1. august 1964) er ein tidlegare spydkastar, fødd i Andijon i Usbekistan, som representerte Sovjetunionen og seinare Kviterussland. Ho vart verdsmeister i 1995, etter å ha vunne OL-sølv i 1992 og VM-bronse i 1993.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Sjikolenko utmerkte seg fyrste gongen då ho vann spydtevlinga ved Goodwill-leikane 1990 i Seattle med eit kast på 61,62 m. To år seinare kasta ho 68,34 m og tok sølvmedaljen i spyd under sommarleikane i Barcelona, slått i siste omgangen med fattige åtte centimeter av vinnaren, tyske Silke Renk. I 1993 fekk Sjikolenko bronsemedaljen då VM 1993 fann stad i Stuttgart, med 65,64 m hamna ho 16 cm bak sølvvinnar Karen Forkel og ein knapp halvmeter framom systera Tatjana Sjikolenko på fjerdeplass, norske Trine Hattestad vann tevlinga.

Under verdsmeisterskapen i Göteborg den 8. august 1995 tok Natalja Sjikolenko leiinga i fyrste omgangen med eit kast på 66,48 m og viste seg gjennom tevlinga som den klart beste. Ho stod for dei tre lengste kasta og avslutta med vinnarkastet på 67,56 m.

Sjikolenko vart sovjetmeister i spydkast 1990-92 og kviterussisk meister 1993.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]