Natallja Mikhnevitsj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Natallja Mikhnevitsj
Verkeleg namn Наталля Валер'еўна Міхневіч
Fødd 25. mai 1982
Nevinnomyssk

Natallja Valerjevna Mikhnevitsj (fødd Kharaneka25. mai 1982) er ein kviterussisk friidrettsutøvar, fødd i Nevinnomyssk i dagens Russland. Ho vann EM-gull 2006, OL-sølv 2008 og EM-sølv 2010 i kulestøyt. Sidan 2007 er ho gift med kulestøytaren Andrej Mikhnevitsj.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Natallja Kharaneka vann i 2003 kulestøyt i U23-EM i polske Bydgoszcz med 17,66 meter. Ho deltok i Sommar-OL 2004 der hennar 18,96 m heldt til ein femteplass. Året etter vart ho nummer åtte under VM i Helsinki. To veker etterpå vann ho kulestøyt-tevlinga ved universiaden i Izmir med 18,86 m.

Hennar fyrste store triumf kom i friidretts-VM innandørs 2006, då kula i Moskva landa på 19,84 m. Før siste omgangen i kulestøyt-tevlinga under europameisterskapen 2006 i Göteborg leia landskvinna Nadzeja Astapsjuk med 19,42 m. I sitt siste forsøk presterte Kharaneka 19,43 m og gullmedaljen var hennar. Kort etter EM støytte ho i Padova 20,17 m og passerte 20-metersgrensa for fyrste gong.

I 2007 gifta Kharaneka seg med Andrej Mikhnevitsj og fekk barn. Sommaren 2008 støytte ho i Grodno heile 20,70 m, hennar livs lengste kulestøyt. Under sommarleikane 2008 i Beijing tok ho sølvmedaljen etter å ha nådd 20,28 m, einast newzealandske Valerie Vili støytte lengre. Også i Barcelona-EM i 2010 fekk Mikhnevitsj sølv, klart slått av Astapsjuk, som såleis fekk revansj for finaletapet i førre EM.

Doping[endre | endre wikiteksten]

Mikhnevitsj vart i april 2013 utestengd frå friidrett i to år, grunna bruk av det forbodne middelet stanozolol.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]