National Gallery

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
National Gallery
Galería Nacional, Londres, Inglaterra, 2014-08-07, DD 036.JPG
StadCity of Westminster
Skipa1824

National Gallery
51°30′32″ N 0°7′42″ W
National Gallery sett frå Trafalgar Square

National Gallery, det britiske nasjonalgalleriet, er eit nasjonalt kunstgalleri som ligg på Trafalgar Square i London i Storbritannia. Det blei grunnlagt i 1824 og har ei samling på over 2300 måleri frå midten av 1200-talet fram til 1900.[1]

Om galleriet[endre | endre wikiteksten]

Galleriet er ein nullprofittorganisasjon som ikkje er registrrert hos eller underlagt kontrollen til Charity Commission for England and Wales, sidan det fell under kontrollen til det britiske departementet for kultur, media og sport.[2] Samlingane til galleriet tilhøyrer innbyggjarane i Storbritannia. Tilgang til hovudsamlinga er gratis, medan ein tek inngangspengar for visse spesialutstillingar.

I motsetning til liknande kunstmuseum på det europeiske fastlandet, blei ikkje National Gallery oppretta for å nasjonalisera ei eksisterande kunstsamling som tilhøyrde dei kongelege eller eit fyrstehus. Det blei til då den britiske regjeringa kjøpte 38 måleri frå John Julius Angerstein sine arvingar i 1824. Angerstein var ein forsikringsmeklar og kunstmesén. Etter dette kjøpet blei samlingane til museet hovudsakleg forma av dei første direktørane det hadde, der den best kjent er sir Charles Lock Eastlake, og av private gåver som til saman utgjer to tredelar av samlingane.[3] Storleiken på den totale samlinga er liten samanlikna med mange europeiske nasjonalgalleri, men ho er encyklopedisk i utstrekkinga si; dei fleste betydelege utviklingar i kunsten til vesten «frå Giotto til Cézanne» er representerte med viktige verk.[4] Tidlegare blei det sagt at dette nasjonalgalleriet var blant dei få som hadde alle verka sine fast utstilt, men dette er ikkje lenger tilfellet.[5]

Den noverande bygningen er den tredje som husar kunsten til galleriet. Han blei utforma av William Wilkins i tidsrommet 1832-1838. Berre fasaden som er vend mot Trafalgar Square er stort sett uforandra sidan bygningen blei oppført, medan resten av han er blitt utvida stykke for stykke i løpet av åra nasjonalgalleriet har eksistert. Wilkins-bygningen er ofte blitt kritisert som estetiske ufullkommen og å vera for liten, noko som førte til at Tate Gallery for britisk kunst blei skipa i 1897. Sainsbury-fløya, ei utviding mot vest er teikna av arkitektane Robert Venturi og Denise Scott Brown, er eit kjent døme på postmodernistisk arkitektur i Storbritannia.

Høgdepunkt i samlingane[endre | endre wikiteksten]

Liste over høgdepunkt[endre | endre wikiteksten]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Høgdepunkt
Nederlandsk måleri
Engelsk måleri
Flamsk måleri
Fransk måleri
Tysk måleri
Italiensk måleri
Spansk måleri

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Skulpturar og annen kunst er i Victoria and Albert Museum, medan British Museum husar tidlegare kunst, ikkje-vestleg kunst, trykk og teikningar, og kunst frå etter 1900 er ved Tate Modern. Ein del britisk kunst er i National Gallery, men den nasjonale samlinga av britisk kunst er hovudsakleg i Tate Britain.
  2. «Constitution». The National Gallery.
  3. Gentili, Augusto; Barcham, William; Whiteley, Linda (2000): Paintings in the National Gallery, London: Little, Brown & Co., s. 7
  4. Chilvers, Ian (2003): The Concise Oxford Dictionary of Art and Artists. Oxford Oxford University Press, s. 413. Michael Levey, senere galleriets ellevte direktør, benyttet denne setningen som tittel på en populær avhandling om europeisk maleri: Levey, Michael (1972): From Giotto to Cézanne: A Concise History of Painting. London: Thames and Hudson
  5. Potterton, Homan (1977): The National Gallery, London, London: Thames & Hudson, s. 8

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: National Gallery