National Health

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
National Health
OpphavCanterbury, England
Aktiv1975–1981
SjangerProgressiv rock, Canterbury scene, jazzfusion, psykedelisk rock, eksperimentell rock
Tilknytte artistarHatfield and the North, Caravan, The Wilde Flowers, Soft Machine, Bill Bruford
Tidlegare medlemmerDave Stewart
Alan Gowen
Amanda Parsons
Phil Miller
Phil Lee
Mont Campbell
Bill Bruford
Steve Hillage
John Mitchell
Neil Murray
Pip Pyle
John Greaves
Georgie Born
Lindsay Cooper

National Health var ei engelsk progressiv rockegruppe frå Canterbury scene. Ho vart skipa i 1975 og bestod av medlemmane frå klaverspelaren Dave Stewart sitt band, Hatfield and the North og Alan Gowen sitt Gilgamesh, inkludert gitaristane Phil Miller og Phil Lee og bassisten Mont Campbell som originale medlemmar. Bandet vart kalla opp etter Stewart sine National Health-briller. Bill Bruford (tidlegare i Yes og King Crimson) var den første tromeslagaren, men vart etter kort tid erstatta av Pip Pyle. Campbell vart erstatta av Neil Murray og så John Greaves. Alan Gowen slutta å spele med gruppa etter det første albumet deira, men kom attende for den siste turneen deira då han erstatta Dave Stewart som slutta etter det andre albumet. Gitaristen Phil Miller var det einaste medlemmet i National Health som var med heile vegen.

Besetninga endra seg ofte, dei turnerte mykje og gav ut det første albumet sitt, National Health i 1978. Sjølv om det vart skapt medan punkrock slo gjennom for fullt, er albumet prega av lange, hovudsakleg instrumentale stykke. Den andre plata deira, Of Queues and Cures, med Peter Blegvad (resitasjon på «Squarer for Maud») og Georgie Born (cello), vert rekna som ein av dei beste platene gjennom tidene på nettsida Gnosis.[1] Etter Gown døydde i mai 1981, kom Stewart attende i gruppa for å spele inn D.S. Al Coda, ei samling av komposisjonar av Gowen, som stort sett ikkje var spelte inn før.

Introen til National Health sin «Binoculars» vart sampla av det amerikanske rockebandet DeftonesBlack Moon.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

Filmar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. the Gnosis search facility

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]