Nationalmuseum i Stockholm
Nationalmuseum i Stockholm | |
![]() | |
Stad | Stockholms kommun, Stockholm |
---|---|
Skipa | 28. juni 1792 |
![]() Nationalmuseum i Stockholm |

Nationalmuseum er eit svensk statleg sentralmuseum i Stockholm, og det største kunstmuseet i Sverige. Det har samlingar av måleri, skulptur og kunst på papir frå kring 1500-talet til 1900-talet, og dessutan kunsthandverk- og designgjenstandar frå 1500-talet til notida. Totalt omfattar samlinga rundt 700 000 gjenstandar. Museet ligg på Blasieholmen i Stockholm, i ein bygning som vart teikna for føremålet av den tyske arkitekten Friedrich August Stüler. Bygningen stod ferdig i 1866, men historia til museet går heilt attende til 28. juni 1792 då Konglig Museum vart oppretta. Museet er dermed eit av dei eldste kunstmusea i Europa.[1]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Bjurström & Erik 1992, s. omslag, baksida.
- Denne artikkelen bygger på «Nationalmuseum, Stockholm» frå Wikipedia på svensk, den 19. september 2018.
- Wikipedia på svensk oppgav desse kjeldene:
- Bjurström, Per; Erik, Cornelius (1992), Nationalmuseum: 1792-1992 (på svensk), Stockholm: Nationalmuseum, ISBN 91-7024-669-6