Caprimulgiformes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Natteramnar)
Gå til: navigering, søk
Caprimulgiformes


HamrenatteramnCaprimulgus macrurus
Hamrenatteramn
Caprimulgus macrurus

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Caprimulgiformes

Ridgway1881
Familiar
  • Sjå teksten

Den biologiske orden natteramnar og seglarfuglar (Caprimulgiformes) samlar froskemunnar, natteramnar og andre relaterte fugleartar. Dei dekkjer det meste av verda, men finst ikkje i arktisk klima og på øyane på New Zealand.

Desse nattfuglane skjuler seg om dagen med hjelp av komplisert kamuflasjeteknikk, fjørdrakta etterliknar tørre blad og bork på tre, eit fenomen som òg kallast krypsis.

Ein antar at medlemmer i Caprimulgiformes har fjernt slektskap med ugler, Strigiformes.

Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Caprimulgiformes samla tidlegare fem familiar, og framtidig åtte familiar, talet på artar i parentes:[1]

Taksonomien av ordenen Apodiformes for seglarar og kolibriar, samt ordenen Caprimulgiformes for froskemunnar, natteramnar og andre relaterte fugleartar, blir for tida endra av taksonomiske autoritetar. Revisjonen av The Clements Checklist of Birds of the World, (eBird/Clements Checklist v2016), frå august 2016 har allereie iverksett ei endring slik at seglarar og kolibriar går inn i Caprimulgiformes.[1] Apodiformes går ut som takson og Caprimulgiformes blir den største ordenen nest etter sporvefuglar med 580 artar.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Schulenberg T. S., M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, T. A. Fredericks, og D. Roberson (august 2016) (CSV), eBird/Clements Checklist v2016, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/overview-august-2016/, henta 23. august 2016