Nattsvermarugle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nattsvermarugle

Status i verda: LC Livskraftig

Nattsvermarugle i Warkworth, New ZealandFoto: Mediawiki-brukar:Aviced
Nattsvermarugle i Warkworth, New Zealand
Foto: Mediawiki-brukar:Aviced

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Strigiformes
Familie: Strigidae
Slekt: Ninox
Art: N. novaeseelandiae
Namn på andre språk
  • Maori: Ruru
  • Engelsk: Southern Boobook,
    lokalt Morepork (fleire andre)
  • Bokmål: Nattsvermerugle
Vitskapleg namn
Ninox novaeseelandiae

Nattsvermarugle (Ninox novaeseelandiae), er funne over heile New Zealand, Tasmania, over det meste av fastlandet av Australia og i Timor, sørlege Ny-Guinea og nærliggande øyar. Denne fuglearten er den minste ugla i Australia og er kontinentet sin mest utbreidde og vanlege ugleart.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Nattsvermarugla er litt større enn ei perleugle, ca. 29 centimeter og 175 gram. Ho er mørkebrun med gulbrune flekker.[1]

Denne arten lever i dei fleste habitat med tre, alt frå djupe tropiske skogar til i utkanten av tørre soner, landbruksområde, alpine grassletter og tettstader, men er mest vanleg i temperert skog. Dei er vanlegvis sett einskildvis, i par eller i små familiegrupper av eit vaksen par og opp til tre ungfuglar.

I hovudsakleg er dei nattaktive, nokre gonger òg aktive i grålysninga og skumringa. Den viktigaste jakttida er kveldar og morgonar, med korte innslag av aktivitet gjennom heile natta. På mørke netter kviler dei ofte nokre midnattstimar, og særleg viss vêret er dårleg, då jaktar dei i dagslys i staden.

Sjølv om den viktigaste jaktteknikken deira er å sitje stille i eit tre, lokalisere bytte og så åtake, er dei òg smidige fuglar som med ei rask, hønsehaukliknande flukt har evna til å manøvrere raskt og forfølgje bytte i lufta. Nattsvermarugler tar nesten alle byttedyr i passande storleik, spesielt store insekt som møll, grashopper og på New Zealand, wetaer. Dei tar òg småfuglar og små pattedyr.

Storleiken av bestanden er ikkje kjent, han reknast ikkje som trua, og er stabil.[2] To underartar, på Lord Howe-øya og Norfolkøya høvesvis, er begge utrydda.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005
  2. BirdLife International (2012) Species factsheet: Ninox novaeseelandiae. Henta frå http://www.birdlife.org den 7. oktober 2012
  3. The Action Plan for Australian Birds 2000 List of Extinct, Threatened and Near Threatened Australian birds Department of Sustainability, Environment, Water, Population and Communities. Henta 7. oktober 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Nattsvermarugle