Naturally av J.J. Cale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Naturally
Studioalbum av J.J. Cale
Språk engelsk
Utgjeve 1972[1]
Innspelt 29. september 1970 til 9. juni 1971
Studio Bradley's Barn i Mount Juliet i Tennessee og Moss Rose Studio i Nashville i Tennessee
Sjanger Blues, Americana, Tulsa Sound
Lengd 31:41
Selskap UK: A&M
USA: Shelter
Produsent Audie Ashworth
J.J. Cale-kronologi 
Naturally Really
(1973)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3.5/5 stars[2]
Rolling Stone(positiv)[3]

Naturally er debutalbumet til J.J. Cale. Det kom ut i 1972 og inneheld songen «After Midnight», som først vart spelt inn av Eric Clapton i 1970. Cale, som stort sett var gått i gløymeboka på den tida, kjende ikkje til at Clapton hadde spelt inn songen før «After Midnight» vart ein radiohit i 1970. Cale fortalte til Mojo at då han høyrde Clapton sin versjon på radio «var eg lutfattig, og tente ikkje nok til mat og eg var ikkje ung heller. Eg var i trettiåra, så eg vart veldig glad. Det var så fint å tene litt pengar.»[4] Venen til Cale, produsenten Audie Ashworth, oppfordra Cale til å spele inn eit heilt album for å utnytte suksessen til songen hans.

Naturally vart spelt inn sjølvstendig, og musikarane fekk betalt demo-honorar. Somme songar, som «Call Me the Breeze», vart spelte inn med ein primitiv trommemaskin og høyrest nesten ut som demoar. Albumet synte den særeigne, underdrivne stilen til Cale, og sette i gang solokarrieren hans, som han heldt gåande til han døydde i 2013. Albumet inneheld hittane «Crazy Mama» (22. plassen på Billboard Hot 100- den einaste han fekk på topp 40[5]) og «After Midnight» (42. plassen) i tillegg til radiohittar som «Bringing it Back» (spelt inn av Kansas for debutalbumet deira), «Call Me the Breeze» (seinare spelt inn av Lynyrd Skynyrd) og «Clyde» (seinare spelt inn av Dr. Hook and the Medicine Show og ein countryhit i 1980 for Waylon Jennings).

Thom Owens frå AllMusic gav albumet tre av fem stjerner og sa då at «Cale fangar leikande lett ein lat, rullande boogie som gjekk i mot alle kommersielle artar av boogie blues og countryrock på den tida».[6]

I 2009 kom albumet ut på ny i lag med Really, som ei fransk 24-spors dobbeltplate på Universal Records i serien '2 For 1' .

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av J.J. Cale, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Call Me the Breeze»2:35
2.«Call the Doctor»2:26
3.«Don't Go to Strangers»2:22
4.«Woman I Love»2:36
5.«Magnolia»3:23
6.«Clyde» (C. W. Beavers, J.J. Cale)2:29
Side to
Nr.TittelLengd
7.«Crazy Mama»2:22
8.«Nowhere to Run»2:26
9.«After Midnight»2:23
10.«River Runs Deep»2:42
11.«Bringing It Back»2:44
12.«Crying Eyes»3:13

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Musikarar[endre | endre wikiteksten]


Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Plateomslag - Rabon[7]
  • Lydteknikar – James Long

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Music». JJ Cale official website. Arkivert frå originalen 31. desember 2014. Henta 16. september 2018. 
  2. Allmusic review
  3. Rolling Stone review, arkivert frå originalen 12. juni 2009, henta 15. september 2018 
  4. «After Midnight by Eric Clapton Songfacts». Songfacts.com. Henta 16. september 2018. 
  5. Crazy Mama Songfacts
  6. Owens, Thom. Review of Naturally by J.J. Cale. All Music Guide to the Blues: The Definitive Guide to the Blues (2003), edited by Vladimir Bogdanov, et al. p. 94.
  7. [1]